AddToAny

Framleis ikkje greit å vere feminin mann

Framleis ikkje greit å vere feminin mann
- SKAM betydde mykje for identitetsbygginga til skeive ungdommar, men eit homotolerant samfunn aksepterer ikkje nødvendigvis økt kjønnsmangfald, seier Stine H. Bang Svendsen.
Mer om Tidsskrift for kjønnsforskning Mer om LHBTI Mer om Media Isak (t.v.) i NRK-serien SKAM, blir fleire gonger arrestert for at han har homofobe tankar. Han ønskjer ikkje å vere den stereotype, feminine homofile mannen. Foto: NRK

NRK-serien SKAM tok Noreg med storm hausten 2016. Sesong tre handlar om skuleeleven Isak som blir forelska i den to år eldre Even. Skam fekk mykje å seie for identitetsbygginga til skeive ungdommar verda over, og auka merksemda både rundt homofil kjærleik og utfordringar med det å kome ut som homofil.

Språket rundt kjønn og seksualitet har også endra seg.

Tre forskarar ved NTNU har nyleg publisert ein artikkel om skeiv identitetsbygging med utgangspunkt i serien. I studien har Stine Bang Svendsen, Elisabeth Stubberud og Elise Farstad Djupedal intervjua 12 ungdommar om skeiv identitet, og analysert sesong tre av TV-serien.

- Eg har lenge vore interessert i identitetsarbeidet til skeive ungdommar, og kva homotoleransen har å seie for dette arbeidet, fortel Stine Bang Svendsen, som er førsteamanuensis i pedagogikk.

- For eksempel har eg sett at mine erfaringar som tenåring er mindre og mindre overførbare for korleis skeive ungdommar har det i dag. Språket rundt kjønn og seksualitet har også endra seg. Det ønskte vi å utforske,

Homotolerant samfunn

Studien skal finne ut om homotoleransen har skapt endringar for skeive ungdommar sin identitet. Ifølgje forskarane er homotoleranse ei felles semje i at det er akseptabelt å vere lesbisk og homofil. Etter at ekteskapslova blei innført i 2009 har aksepten vore på sitt høgste, historisk sett.

- Mange ungdommar som kjem ut som homofile i dag opplever i stor grad å bli akseptert, forklarer Svendsen.

- Vi har likevel vore interesserte i å finne ut kor djupt den aksepten stikk, og om han også fører til at forståinga for utfordringar ved å ha skeiv identitet er borte.

I skammekroken

Fokusgruppeintervjua viser at ungdommane framleis har utfordringar. Eit døme på det er at tradisjonelle kjønnsutrykk- og kjø

Les mer

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt