Bok og bibliotek
06.09.2018
Wisława Szymborska er kanskje den som skildrar terroråtaket 11. september aller best. Diktet «Photograph from september 11» byrjar slik: They jumped from the burning floors- one, two, a few more, higher, lower. The photograph halted them in life, and now keeps them above the earth toward the earth.
... Ho avsluttar diktet med ei utstrekt hand, ei lita trøyst i det vonlause eller kanskje eit slags håp: I can do only two things for them- describe this flight and not add a last line. Kor var du 11. september 2001 rundt kl.15? Eg var på biblioteket kor eg jobba som studentvakt. Og det var heilt tomt. Alle var ein anna stad, alle såg flya som krasja inn i Twin Towers. Bygningar kollapsa, folk hoppa. Det er i denne ettertida romanen
Saturday eller Lørdag av Ian McEvan finn stad. Boka vart gitt ut i 2005 og er sett om til norsk av Halvor Kristiansen.
Midt på natta kl.03.40 laurdag den 15 februar 2003, står vår hovudperson Henry Perowne opp av senga. Det er ikkje noko han har for vane, men denne natta kjenner han seg heilt vaken. Så han opnar skoddene og ser ut på det vesle av liv som er i gatene på denne tida. Brått ser han noko han fyrst trur er ein meteor, eit sterkt skinnande element på himmelen. Det lyser opp, og han tenkjer på å vekka kona si Rosalind slik at ho også får dette med seg. Men det er ikkje ein meteor, det er eit brennande fly som flyg lågt over London. Brått har han ingen grunn til å vekkja nokon. Han tenkjer at han eigentleg burde gj
Gå til medietSaturday eller Lørdag av Ian McEvan finn stad. Boka vart gitt ut i 2005 og er sett om til norsk av Halvor Kristiansen.