BUSKAP
26.03.2021
Jørgen Helset (i midten) har hatt rådgjevingsavtale med Landbruk Nordvest sidan 2017. Faren Fredrik dreiv garden fram til 2015, og har vore medlem sidan den lokale forsøksringen vart etablert i 1980. Jon Geirmund Lied synes det er ekstra stas å rådgje under slike avtalar då det gjev både erfaring og utfordringar.
... Her er dei fotografert framfor Helsetkopen der Tom Cruise hoppa utfor på motorsykkel sist haust. Foto: Bjørn Steinar Skarbø.Jørgen Helset på Hellesylt i Stranda har med rådgjevingsavtale auka fôrproduksjonen kraftig. - At vi har gått frå ein situasjon med knapt om fôr til ein mjølkeproduksjon på 380 tonn der vi var nøydd å selje 21 spedkalvar; til vi no har nok fôr til ein mjølkeproduksjon på 470 tonn og må selje færre kalvar, tek Jørgen Helset som eit bevis på at ein rådgjevingsavtale med Landbruk Nordvest har betalt seg.
Å bli utfordra er berre positivt
- Det er betryggande å ha ein å vende seg til som sit med den kunnskapen du har bruk for, seier Jørgen Helset.
- Det er lett å bli gåande i same tralten og ikkje opne seg for endringar og forbetringar. - Det å ha ein dialog og bli utfordra, er berre positivt, seier han.
Kjent på garden
Jørgen overtok garden etter faren Fredrik i 2012. Då bygde dei også ny fjøs for mjølkeku med robot og kvote på 380 000 liter. Grovfôret hausta dei på i alt seks gardar og til saman 380 dekar. Før dei inngjekk rådgjevingsavtale, hadde dei likevel for lite fôr og måtte kjøpe inn det dei mangla. Rådgivar Jon Geirmund Lied i NLR Nordvest fortel at han også hadde vore rådgjevar for faren Fredrik som hadde vore medlem sidan Indre Sunnmøre forsøksring vart skipa i 1980.
4. august 2017 var det klart for det fyrste av fleire «verandamøte» på Helset.
Fjøsen hadde kapasitet til meir
- Eg var ikkje sikker på at eg skulle bli bonde, seier Jørgen. D
Gå til medietÅ bli utfordra er berre positivt