Rett innanfor døra på Deichman Torshov, ein kan fort oversjå det på veg inn i det store lokalet med bokhyller så langt auget kan sjå, står ein høvelbenk som ein i utgangspunktet kanskje tenker er der ved ein feil. Men med lånekortet sitt kan ein her låne både vinkelslipar, drill og boremaskin.
Sissel Brit Ranneklev er innom biblioteket for å låne oppfølgaren til boka ho fekk til jul, men stoppar ved bordet likevel.
- Vinkelslipar har eg ikkje, det treng eg jo kanskje ein gong, seier ho.
Ho syns tilbodet om å låne verktøy av biblioteket er heilt i tråd med kva bydelen treng.
- Det er fantastisk at biblioteket stadig finn på nye ting, det er jo eit behov for å kunne låne den type ting i urbane område der folk har liten plass, og at ein kan ta del i delingsøkonomien.
Utbredt trend
At biblioteka er meir enn bøker, er ikkje noko nytt. Det er hundre år sidan Bergen Offentlige Bibliotek starta utlån av musikknotar, og i dag kan det verke som det nesten ikkje er grenser for kva ein kan få med seg heim med lånekortet sitt. Dei siste par åra har verktøyutlån fått mykje merksemd, og det er fleire bibliotek både i Noreg og i utlandet som i årevis har lånt ut alt frå telt til syklar til leiker og endåtil personar. Men bør dei eigentleg det?
I eit blogginnlegg som Bok og Bibliotek publiserte i førre utgåve (nr 1-2019), går Karl Karlseth i strupa på at biblioteka skal drive med alt mulig anna enn bokutlån, og meiner biblioteka fort skyt seg sjølve i foten med å drive med andre ting enn litteratur, då dei signaliserer at dei har tid og ressursar til det - og difor kanskje ikkje treng middel til kjerneverksemda si.
- Det er fint at biblioteka tek på seg nye oppgåver, men dei må passe seg for å ta på seg kva som helst. Kjerneverdiane til biblioteka er kunnskapsformidling, kultur og læring, seier han.
Han er også opptatt av at ein må vekk frå ei gammaldags oppfatning om at bibliotekarane er passive utlånarar.
- Også politikarane har ofte ei romantisk oppfatning av kva biblioteket er, og tek ofte opp eigne opplevingar om ein bibliotekar som forandra livet deira. Me må vekk frå den ideen, og heller bruke tida på å utvikle den bibliotekrelevante delen av arbeidet, seier Karlseth.
- Ikkje sikker
Seksjonsleiar på Deichman Torshov, Stian Færden Kristensen, fortel at dei har hatt i underkant av 400 utlån av verktøy i året som gjekk. I tillegg har biblioteket sidan 2016 hatt eit eige frøbibliotek, der ein kan låne frø for å så heime, og så komme tilbake med frø ein haustar frå plantene seinare. Biblioteket har også ein plan om å byrje å låne ut hagereiskapar etterkvart. Men sjølv er han faktisk ikkje heilt overtydd om at det er riktig at biblioteket gjer desse tinga.
- Eg trur dette er tenester som bør drivast av det offentlege. I denne tidlege fasen av det har biblioteket infrastrukturen som trengs, og me kan huse verktøya, men det er ikkje gitt at det er me som skal drive med det framover, seier han.
Delingsøkonomien
Det er ei rekke norske