BUSKAP
02.05.2016

Godt og rimeleg grovfôr er avgjerande for lønsam produksjon av mjølk og kjøt på drøvtyggarar. Det er lettast å oppnå god gjæringskvalitet i surfôr, når plantane er forholdsvis tørre, og når innhaldet av vassløyselege karbohydrat (sukker) er høgt.
Kva fortel røynslene etter åtte år med breispredning i vått klima? Forskingsprosjekt Fortørking av gras til surfôr har tradisjonelt skjedd i smale strengar. Dei siste åra er det mange som har investert i slåmaskin med utstyr som kan spreie graset for å auke tørkefarten, og i samlerive som må brukast før pakking eller oppsamling av breispreidd gras. Rettleiingstenesta får mange spørsmål om dette er lønsamt. NLR Sunnmøre, i lag med Bioforsk, NLR Rogaland, og Landbruk Nordvest, undersøkte dette i eit treårig forskingsprosjekt. Prosjektet vart støtta av NFR, Jordbruksavtalepartane, Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, Addcon Nordic AS, Nortura BA, Felleskjøpet Agri og TINE Meieriet Vest. Forsøka vart gjennomførte i åra 2006-2010.
12 vestlandsbruk deltok Forsøk der ein har lagt opp avlinga til fortørking i smale og breie strengar vart gjennomførde på 12 vestlandsbruk, med gardbrukarar som aktive deltakarar. Prøver vart tatt ut frå strengane med jamne mellomrom gjennom eit døger, før pressing og ensilering, samt frå ferd
Gå til mediet12 vestlandsbruk deltok Forsøk der ein har lagt opp avlinga til fortørking i smale og breie strengar vart gjennomførde på 12 vestlandsbruk, med gardbrukarar som aktive deltakarar. Prøver vart tatt ut frå strengane med jamne mellomrom gjennom eit døger, før pressing og ensilering, samt frå ferd