Uniforum
12.04.2023
16 forskingsgrupper på Universitetet i Oslo er tildelt 1,5 millionar kroner i såkornmidlar frå Veksthuset for verdiskaping. Forskarane skal bruke pengane til å vidareutvikle eigne idear med mål om at forskinga skal bli teken i bruk.
Dei fleste prosjekta er helserelaterte, men også prosjekt innanfor undervisning, musikk og kunstgjødsel har fått støtte, går det fram av ei melding Veksthuset for verdiskaping på UiO har lagt ut på nettsidene sine. Tildelinga spenner frå maksbeløpet på 50 000 kroner til såkorn I til maksbeløpet på 200 000 kroner til såkorn II.
Les merBehandling av antibiotikaresistente bakteriar og betre influensavaksinar
Innan kreft er det prosjekt som skal utvikle betre antistoff til kreftbehandling; teste kreftbehandling på celler for å sjå kva pasientar som kan ha nytte av behandling


































































































