LO-Aktuelt
17.08.2016
Folkets Hus på Kvål har hatt både Tranmæl, Steen og Gerhardsen på besøk. I sommar kom også Åge Aleksandersen.
Det er langt frå Royal Albert Hall til Folkets Hus på Kvål. Men då Åge Aleksandersen skulle sette opp turneen sin i sommar, etter mal frå den ikoniske songen, måtte Kvål besøkast.
Dermed fekk Jill Haugen, leiar i Folkets Hus på Kvål i Sør-Trøndelag, telefon om at Åge ville leige lokalet for å halde konsert.
- Då blei eg rimeleg satt ut. Men dette er jo eit av høgdepunkta i huset si historie, seier ho.
Jubileum
Og historia til huset er rik. Kvål Arbeidersamfunn eig huset, og blant stiftarane her finns Martin Tranmæl, som står på sokkel i nabobygda Melhus. Arbeidersamfunnet har eit husstyre, og her sit Jill Haugen (leiar), Nina Trotland og Tore Strøm.
Huset vart bygd i 1906, og har 110-årsjubileum i år. Då Kvål Arbeidersamfunn bestemte seg for å byggje eit Folkets Hus, måtte nokon garantere for økonomien. Det ansvaret tok Arnt Trøan, og vart dermed personleg ansvarleg for økonomien i byggjeperioden.
Det er to salar i huset, på 30 og 90 kvadratmeter.
- Den vesle salen blei kalt «karsksalen», der dei før sat og pjalla. Det er det slutt på no, ler Haugen.
I mange år var det bygdekino her, ei luke i veggen minner om det. Dei klassiske portretta heng framleis på veggane, sjølv om nokon av Melhus sine motstandsheltar
Les opprinnelig artikkelDermed fekk Jill Haugen, leiar i Folkets Hus på Kvål i Sør-Trøndelag, telefon om at Åge ville leige lokalet for å halde konsert.