Den norske tannlegeforenings Tidende
16.01.2020
2 Foto: Yay Images. Folk veit lite om hjernehelse, men vil vite meir, skriv Folkehelseinstituttet (FHI).
Folk tenker ikkje på si eiga hjernehelse og er usikre på korleis dei skal ta vare på ho, viser ein ny studie i Lifebrain-prosjektet ved Folkehelseinstituttet og Universitetet i Oslo.
Les merEin sunn hjerne er viktig for generell helse og velvære, og for å hindre nevrologiske sjukdommar som Parkinsons sjukdom, demenssjukdommar og hjerneslag. Hjernehelse handlar om å ha ei sunn hjerne gjennom livet.
I studien vart 44 deltakarar frå ulike europeiske land grundig intervjua om kva tankar dei hadde om hjernen og hjernehelse.
Funna i studien viser at dei fleste deltakarane ikkje var kjente med kva hjernehelse inneber, og at dei ikkje tenkte bevisst på si eiga hjernehelse. Dei gjorde heller ikkje noko bevisst for å t