Årets russ fekk ikkje feste som planlagt i vår. Nokre av dei har sett fram til at faddervekene kan verte ei god erstatning for russetida, men det er ikkje sikkert ønsket vert røyndom.
- Kva slags utfordringar blir det når studentane heller skal ha sosiale arrangement i universitetet sine lokale?
- I samband med at studentane i fadderveka i år i større grad brukar våre lokale, må vi sjå på utvida vakthald for å overhalde smittevern og også at retningslinjer for alkoholbruk vert følgde, seier Samdal.
Smittevern og trivsel
Eigne smittevernvakter, digitale fellesmøte og et mobilspel skal sørge for at studentane ved universitet og høgskular overheld einmeters-regelen og andre smitteverntiltak ved årets studiestart.
- Vi tilset i desse dagar smittevernvakter som skal passe på at studentane ikkje samlast for tett i for store grupper, og elles overheld smittevernreglane, seier Samdal.
Ho opplyser at UiB skal ha 20-25 vakter samstundes på dei ulike fakultetsområda. Det gjeld både inne og ute.
- Det betyr eit behov på inntil 40 personar. Så langt har vi vore i dialog med eksamensvaktene våre som er interesserte i å bidra. I tillegg kan det verte aktuelt å rekruttere nokre studentar, seier Samdal.
Trivselsvakter er tittelen Universitetet i Agder brukar på dei som s