Marianne Skaiaa i Norad seier i sitt konstruktive svarinnlegg 13. juli at min kritikk mot dei omfattande resultatrammeverka i bistanden blir for lettvint. Ho kan ha rett i det. Argumentasjonen i mitt innlegg 9. juli var ikkje grundig nok, i og med at eg hengde synspunkta mine på det som elles var ein bokomtale. Og så spissformulerte eg for å få merksemd i sommarvarmen.
Nei, det er ikkje resultatrammeverka som har skulda for at det er vanskeleg å få til kapasitetsbygging i land med svak stat. Detaljerte og omfattande resultatrammeverk er berre eit konkret utslag av ei tenking og tilnærming som har gått for langt. Skal ein skulde på nokon, vil eg som William Easterly gjorde i The White Man's Burden i 2006, rette skytset mot planleggjarane. Tanken at ein i kaotiske og kompliserte situasjonar kan detaljplanleggje - ut frå våre eigne erfaringar - blir feil. Det har gått utruleg mykje ressursar med til denne forma for planlegging, og oppfølging og rapportering er tilsvarande krevjande. Samtidig er resultata når det gjeld kapasitetsbygging generelt svake, som dei tre tidlegare medarbeidarane i Verdsbanken så klart viser i boka Building State Capability, som eg omtala i det førre innlegget mitt.
Kravet om å måle
Krav om måling og teljing er sjølvsagt ikkje nye. Som på mange andre område var amerikanarane tidleg ute med New Public Management på bistandsområdet. Men i 2010 kom Andrew Natsios, som var sjef for USAID under den første presidentperioden til George W Bush, med den til då saftigaste kritikken av den aukande målinga og teljinga i amerikansk bistand. I The Clash of the Counter-bureaucracy and Development viser han korleis behovet for eksakte resultat kan ha store konsekvensar for politikken som blir ført. Han seier at dei utviklingsprogramma som enklast og mest presist lar seg måle, er dei som forandrar minst, medan dei programma som kan endre mest, er dei som er vanskelegast å måle effekten av.
Tel


































































































