Uniforum
27.06.2017
527 studentar frå heile verda deltok då startskotet for den 71. årgangen av Den internasjonale sommarskulen gjekk i Universitetets aula i går kveld. - Dette er fantastisk og energigjevande, sa den komande direktøren Nita Kapoor etter seremonien.
MUSIKALSK OPNING: Klarinettist Carl Petter Opsahl og pianist Tord Gustavsen kom med dei musikalske innslaga under opninga av Den internasjonale sommarskulen i Universitetets aula i går kveld.
Les merFoto: Martin Toft
Jazz, norsk folkemusikk og musikk inspirert av fredsprisvinnaren Desmond Tutu, framført av klarinettist Carl Petter Opsahl og pianist Tord Gustavsen var krydderblandinga som skapte stor stemning i Aulaen, då 527 studentar frå 85 land på fem kontinent var samla for å markera starten på eit seks veker langt opphald på Den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo.
I tillegg fekk dei med seg UiO-rektor Ole Petter Ottersens aller siste tale frå talarstolen i Aulaen, og den aller første talen til den nye leiaren for Studentparlamentet, Jens Lægreid, frå den same talarstolen.
Jo