Bok og bibliotek
15.03.2018
Facebook har om lag ein milliard brukarar. Og biblioteka har kasta seg på for å vere til stades der alle dei andre er. Det er kanskje forståeleg at bibliotekfolk i ein travel kvardag nyttar Facebook for å nå ut til brukarane og å informere om kva som skjer på biblioteket og forsømmer å oppdatere heimesidene sine. Men det er misforstått og tankelaust og kan lett gjerast noko med.
Denne uheldige praksisen har i liten grad vore emne for diskusjon og kritikk. Det var difor med glede eg las redaktør Odd Letnes sin artikkel Glem Facebook, sats på egne hjemmesider, frå desember i fjor.
Her tek Letnes eit klart og prinsipielt oppgjer med bruken av Facebook i biblioteka; han peiker på den skarpe motsetnaden mellom samfunnskontrakten til biblioteka og det hemningslause jaget etter pengar som styrer Facebook. Han etterlyser eit oppgjer i biblioteka mot pengemaskinen Facebook.
Før eg går vidare vil eg minne om samfunnskontrakten til biblioteka slik den er formulert i Bibliotekloven, §1:
«Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet, gjennom aktiv formidling og ved å stille bøker og andre medier gratis til disposisjon for alle som bor i landet. Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.» Fremje opplysning og kultur, vere ein uavhengig møteplass.
Eg skal i denne artikkelen følgje opp det redaktøren skriv og legge til nokre nye moment i kritikken. Så vil eg problematisere praksisen at biblioteka nyttar Facebook som kontaktflate mot publikum. Eg vil tipse om nokre grep som biblioteka kan - og etter mitt syn bør - gjere om dei framleis ei tid vil nytte Facebook. Vidare, korleis er det med overvaking og sensur på Facebook? Til slutt vil eg peike på at Facebook i lag med andre store IT-selskap er med på å snyte nasjonalstatane for enorme summar og tvinge fram drastiske kutt i offentlege bud
Gå til medietHer tek Letnes eit klart og prinsipielt oppgjer med bruken av Facebook i biblioteka; han peiker på den skarpe motsetnaden mellom samfunnskontrakten til biblioteka og det hemningslause jaget etter pengar som styrer Facebook. Han etterlyser eit oppgjer i biblioteka mot pengemaskinen Facebook.