Medan mange regattaer er mest for dei hardkokte regattaseglarane, har Askøy Rundt alltid hatt ein mjukare profil, som ein familieregatta der ein både kan ta med borna og svigermor, og der det sosiale har nesten like stor plass som det sportslege. Det at regattaen går over to dagar har muliggjort dette, fordi seglarane då samlast på Herdla havn, etter seglasen laurdag, og held fram resten av løpet rundt Askøy på søndagen.
Men som praktisk tala alle andre regattastevne, har også Askøy Rundt opplevd stor nedgong i talet på båtar dei siste åra. I si «storhetstid» på 1980-90-talet var det gjerne langt over hundre båtar med, medan ein dei siste åra gjerne har sett under tretti.
No legg regattakomiteen og styret i Askøy Seilforening hovuda i bløyt for å finna ut kva som skal til for å snu denne uheldige trenden. Kva som kjem ut av den diskusjonen er enno for tidleg å spå om, men medlemane i Askøy og dei andre seilforeningane i distriktet skal i alle fall på ulike måtar bli minna om regattaen i tida som står att før helga 19. - 20. august. Og så pass kan vi røpa, at vi har lukkast å f


































































































