FANTASTISK; Biostatistikkprofessor Jukka Corander synest det er fantastisk å ha fått tildelt nærare 22 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Forskinga hans skal finna fram til kur mot multiresistente bakteriar,
Foto: Ola Sæther
- Det er fantastisk flott å få ei slik tildeling. Truleg er det ei ein-gong-i-livet-oppleving, seier Jukka Corander til Uniforum. Professoren ved Avdeling for biostatistikk, Oslo Centre for Biostatistics and Epidemiology (OCBE) på UiO har tatt på seg findressen.
- Det er klart det er grunn til å feira. Derfor har senteret invitert til ei lita markering seinare i dag, fortel han.
Kan utvikla målretta medisinar
Denne månaden har Jukka Corander også tidlegare sett senteret og UiO på kartet. For ei veke sidan melde NRK at Jukka Corander og forskargruppa hans, hadde gjort funn som kunne gjera det mogleg å laga målretta medisinar mot antibiotikaresistente og multiresistente bakteriar. Det hadde dei klart gjennom å utvikla ein statistisk metode som gjer det råd å undersøkja alle moglege mutasjonar som kan oppstå, akkurat samtidig.
- Med million