Men denne gongen må Vogsted og fleire tusen andre studentar gå tomhendte ned frå podiet. Når dei kan rekne med å få vitnemåla er i det blå.
- I over halvparten av faga mine har eg ikkje fått karakter. Eg har fått beskjed om at det derfor ikkje er grunnlag for å gi meg vitnemål, fortel Vogsted til Khrono.
Låst konflikt
Sidan 20. april har ein høg andel sensorar - professorar og universitetslærarar som skal setje karakterar og vurdere eksamenar, oppgåver og avhandlingar - boikotta arbeidet. Sensurstreiken er den siste opptrappinga av ein allereie langvarig konflikt mellom universitetstilsette og arbeidsgivarar i Storbritannia.
For studentane kjem den siste utviklinga som ei ekstra belastning på toppen av tidlegare aksjonar og streikar gjennom fleire år, i tillegg til pandemiåra.
Fagforeininga for dei tilsette, University and College Union


































































































