KUNNSKAP: - Me kan berre konkurrera med resten av verda gjennom kunnskap, ikkje gjennom råvarer eller låge lønningar. Derfor må me utvikla innovasjon og smarte løysingar, seier Robert-Jan Smits, som er EUs generaldirektør for forsking og innovasjon.
Foto: Ola Sæther
Det var Kunnskapsdepartementet som hadde invitert forskings-Noreg til ein konferanse i Universitetets aula om kva forskingsområde EUs neste rammeprogram for forsking
Fakta om FP9:
FP9 = EUs niande rammeprogram for forsking og innovasjon.
Det skal ta til i 2021 og vara fram til 2027.
Det vil erstatta dagens rammeprogram Horisont 2020 når det tar slutt om tre år.
Horisont 2020 har eit samla budsjett på 80 millardar euro (800 milliardar kroner) frå 2014 til 2020 og er verdas største forskingsprogram.
FP9 vil vera verdas største forskingsprogram og vera tilgjengeleg for forskarar i alle EU- og EØS-land og samarbeidspartnarane deira utanfor EØS-området.
(Kjelder: Forskingsrådet og EU-kommisjonen)
(FP9) bør satsa på. Det er forskingsprogrammet som skal overta for dagens Horisont 2020, og skal vara frå 2021 til 2027. EUs generaldirektør for forsking og innovasjon, Robert-Jan Smits var invitert for å lytta og fortelja meir om arbeidet med å meisla ut EUs neste store rammeprogram for forsking.
Einig i prioriteringa til universitetsrektorane
Norske universitetsrektorar med Ole Petter Ottersen, Gunnar Bovim og Dag Rune Olsen i brodden har gått ut og oppfordra til at framifrå forsking skal halda fram med å vera hjørnesteinen i EUs 9. rammeprogram for forsking (FP). Det