![Er med på å utvikle Logmaster for grovfôrproduksjon Er med på å utvikle Logmaster for grovfôrproduksjon](https://fagpressenytt.no/sites/default/files/styles/thumbnail/public/articles/print-er-med-pa-_0.png?itok=c2OTMelu)
Då våren kom, hadde Knut Ole Matre førebudd seg på å tagge alle arbeidsoperasjonane han skulle gjere med traktorane i grassesongen. På den måten har kvart minutt med sentrifugalspreiaren blitt logga på kvart einaste skifte, og med transporten fram og tilbake. Det same har alle andre arbeidsoppgåver.
- Eg har vore flink på å føre opp alt, og det verkar veldig lovande. Programmet vil då rekne ut kva fôreiningane kostar på kvart einaste skifte, fortel Matre.
TI PILOTBØNDERMjølkeprodusenten frå Etne er ein av ti pilotbønder som deltar i Felleskjøpet Agri si utvikling av Logmaster for grovfôrproduksjon. Han har merka at programmet ikkje er heilt tilpassa ennå.
- Enn så lenge er programmet litt for mykje retta mot planteproduksjon, men med meir utvikling har eg tru på at det vil bli bra, og det er vel den utviklinga me skal bidra til, seier mjølkepro