Uniforum
21.01.2019
Før helga blei det klart at start av bygging av nytt vikingtidsmuseum er med i plattforma til den utvida Solberg-regjeringa.
For Noreg, Europa og verda er dette ei historisk avgjerd som vil gi mange gode museumsopplevingar også for framtidige generasjonar, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.
Les merTorsdag kveld blei det klart at den utvida regjeringa til Erna Solberg fekk med start av bygging av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy som eit punkt i regjeringsplattforma.
Det er fantastisk bra at regjeringa no har funne plass til å prioritera dette prosjektet i dei komande budsjetta. For Universitetet i Oslo, Noreg, Europa og verda er det utruleg viktig at arbeidet med å ta vare på vikingskipa og dei andre gjenstandane frå vikingtida no går inn i ein ny æra og at me får eit vikingtidsmuseum som verkeleg viser at Noreg tar ansvar fo