AddToAny

Eit lite bibliotekshistorisk tilbakeblikk

Eit lite bibliotekshistorisk tilbakeblikk
Moderne. Bergen offentlige bibliotek vart grunnlagt i 1872. I 1917 flytta biblioteket inn i sitt nye bygg i Strømgaten. Det var teikna av arkitekt Olav Nordhagen i samarbeid med biblioteksjef Arne Kildal. Dette var i si tid eit av Nordens mest moderne bibliotek planlagt etter amerikansk folkebibliotekmønster med opne hyller og eigen barne- og ungdomsavdeling.
20. september 1921 leverte Bibliotekkomitéen av 1919 Innstilling om biblioteksvesenets ordning (I-X) til Kyrkjeog undervisingsdepartementet. Dette var det første statlege initiativet til utgreiing, analyse og planar for det samla offentlege norske bibliotekfeltet, dvs. både folke- og fagbibliotek.
Utgreiinga presenterte omfattande planar og visjonar, men økonomiske nedgangskonjunkturar og sparepolitikk hindra i første omgang realisering. Men i bibliotekhistorisk samanheng er dette eit viktig dokument.
Komitéen vart utnemnd av departementet 25. oktober 1918, men utifrå namnet starta arbeidet året etter. Sjølv om komitéen var utnemnd av departementet, hadde initiativet kome frå Norsk bibliotekforening i 1917. Desse var medlemmer: Formann Karl Fischer (1861-1939) stortingsbibliotekar og på deltid Kirkedepartementets sakkyndige i bibliotekspørsmaal, Arne Arnesen (1880-1943) leiar for Deichmanske bibliotek, Arne Kildal (1885-1972), leiar for Bergen offentlige bibliotek, Hjalmar Pettersen (1856-1928), førstebibliotekar ved Universitetsbibliotekets (UB) norske avdeling, som i praksis var norsk nasjonalbibliotek. Den einaste ikkje bibliotekfaglege medlemmen var Carl Geelmuyden (1859-1942), rektor ved Tanks skole i Bergen og tidlegare stortingsmann for Venstre.
Utgreiinga var på 80 sider fordelt på 10 kapittel, som også inkluderte fleire vedlegg. Deler av utgreiinga hadde alt vorte sende til departementet før den samla utgreiinga vart lagt fram. Såleis var innhaldslista:
1 En felles plan for bibliotekenes virkeområde Endrede regler for statsbidraget til folkeboksamlingene. Centralbiblioteker Forandring i lov av 20. juni 1882 om pliktavlevering av trykksaker En ny ordning for bibliotekvesenets administrasjon Opprettelse av en norsk bibliotekskole Utgivelse av en årlig felleskatalog over utenlandsk litteratur Lovfestede skoleboksamlinger og nye regler for tilståelse av statsbidrag Utgivelse av en katalog over kongelige og parlamentariske kommisjoners innstillinger etc.
Distribusjon av offentlige publikasjoner til biblioteker 10 Lærerboksamlingenes ordning og kontrollen med dem Planar om eit sjølvstendig Nasjonalbibliotek var ikkje med i utgreiinga.

Bakgrunn
Bibliotekkomitéen av 1919 gjekk inn ei utvikling som starta i 1902. I dette året skjedde eit historisk vendepunkt der det norske bibliotekfeltet vart meir strukturert. Dette kan igjen tilskrivast at frå 1890-åra vann nye retningar frå det amerikanske bibliotekfeltet fotfeste i Noreg. Det dreidde seg både om praktisk bibliotekteknikk der publikum fekk direkte tilgang til opne hyller og nye brukarvenlege system for å orientera seg i samlingane og om biblioteket sin rolle som samfunnsinstitusjon. Biblioteket skulle vera til nytte for eit breidt publikum og ikkje ein institusjon for ein avgrensa elite. Biblioteksarbeid vart også profesjonalisert med eigne utdanningsinstitusjonar, den første bibliotekskulen i USA (Albany, New York) starta i 1887. Det var ei eitårig utdanning som skulle høva for alle bibliotektypar.
Gå til mediet

Flere saker fra Bok og bibliotek

For 16. år på rad gir Fritt ord tilskudd til litteraturformidling i bibliotek. 76 bibliotek søkte, og 40 av dem får støtte til arrangementer om norsk sakprosa.
Bok og bibliotek 21.09.2023
Norsk Bibliotekforening blir ikkje med på den internasjonale bibliotekkongressen til neste år, og oppmodar andre norske medlemer til også å droppa deltaking.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Fra og med 2026 bevilger regjeringen i nabolandet vårt til 433 millioner SEK per år for å sikre at alle elever har tilgang til bemannede skolebibliotek.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Første episode i sesong tre av Podkasten Bok & bibliotek er ein scenesamtale frå Kulturytring 2023 om kvardagsmakt i bibliotek, arkiv og museum.
Bok og bibliotek 15.09.2023
Kunst, herunder litteratur, skal ikke være nyttig. Kunsten skal være grenseoverskridende, rebelsk, frigjørende, oppskakende. På sitt beste tar den fra deg nattesøvnen.
Bok og bibliotek 05.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt