AddToAny

Eit frykteleg langt intervju med «en av Norges mest innflytelsesrike intellektuelle»

Universiteta har for mange styringskåte byråkratar, meiner Rune Slagstad. Men no ser han lys i tunellen, og håp i Ola Borten Moe.
- Jeg ringte Drillo for å forsikre meg om at han ville komme til lanseringen.

Rune Slagstad formulerer seg på eit litt fornemt bergensk. Han ler stakkato, litt som han snakkar.

«Forstyrrar eg», spurte Slagstad i telefonen til Drillo. «Ja», svarte Drillo. «Eg er midt i Fredrikstad mot Åsane! Åsane leiar 2-0.

Vi har fått audiens kl. 11 på Institutt for samfunnsforskning, truleg den arkitektonisk sett mest diskrete forskingsinstitusjonen i Noreg. Ein lapp er limt ved inngangsdøra på Majorstuen i Oslo, som eit hint om at ein er komen rett. Inne i den mørklagde resepsjonen heng ein plakat der det mellom anna står at forskarane «ønsket seg enecellenes stillhet og mulighet for et slag bordtennis ()» då arkitektane utforma bygget for over femti år sidan. Rune Slagstad huserer på grunnplanet. Han orsakar rotet.

Det er pussig at akademikarar må tolke den dei diskuterer med på minst vennlege måte.

Rune Slagstad

Fordi han må «gjøre seg klar til fotballtrening med mine kapitalistiske venner» klokka 17, har vi berre seks timar på oss.

Idehistorikaren, forfattaren, sosiologen, rettsteoretikaren, redaktøren. Ein slags inkarnasjon av ein intellektuell. Ifølgje baksideteksten til den nye boka hans, «Mine dannelsesagenter. En politisk idehistorie», har han vore «en av Norges mest innflytelssrike» av arten - i 50 år.

Egil «Drillo» Olsen er ein av dei utvalde i Slagstads nye bok». 573 sider, 99 kapittel, det er kanskje den slankaste boka hans sidan «Sosialisme på norsk» frå 1980, på den tida han var nestleiar i SV.

Han skal snart uttale seg om både Cecilie Hellestveit, internasjonalisering, norsk språk, scenenekt og Curt Rice, Nesna og det generelle forfallet i den norske universitets- og høgskulesektoren, men først nokre digresjonar.

- Eg var i Berlin for ein knapp månad sidan.

Aino og Adorno

- Då blei eg klar over ei bok av Hans Magnus Enzensberger (tysk forfattar og «noregsvenn», red.merkn.), som heiter Überlebenskünstler, overlevingskunstnarar, som han skreiv til 90-årsdagen sin. Eg oppdaga at også den hadde 99 kapittel! Det var fascinerande, tenkte eg. I første kapittel i boka hans står det om ein norsk forfattar, den einaste norske han skriv om, og det er Knut Hamsun. Det er fascinerande, for mitt første kapittel handlar jo om to jødiske filosofar, Horkheimer og Adorno, som skreiv Dialektik der Aufklarung på den tida Hamsun forvilla seg inn til Hitler!

Apropos Adorno: For mange samfunnsforskarar med sans for kritisk teori med utspring i den såkalla Frankurtskulen er Theodor Adorno og Max Horkheimer ei slags urkjelde, intellektuelle legender. Slagstad var i Frankfurt og følgde Adornos aller siste forelesingar.

På ei av forelesingane, med Slagstad som tilskodar, blei Adorno overrumpla av delvis topplause unge damer, radikale studentar som skulle «omfunksjonere» forelesinga til sine ideologiske føremål.

- Adorno var på mange måtar ein verjelaus person i forhold til dette nye, nådelaust aksjonistiske venstreorienterte miljøet, seier Slagstad.

Danningsagentane, eit omgrep Slagstad har funne opp, er personar som på ulikt vis har «formet hans tenkning». Det er ei fredsam bok, ei samling intellektuelle portrett. «En slags rapport om min intellektuelle reise», skriv Slagstad i innleiinga () «noen vil kanskje si en skisse av en intellektuell selvbiografi.

Dei 99 kapitla, der det første handlar om Horkheimer og Adorno, kan trygt kallast mangfaldige. Frå filosofen Hannah Arendt til laksemilliardæren Aino Olaisen. Frå kommunisten Rosa Luxemburg til høgrefenomenet Francis Sejersted (som var nær venn av Slagstad). Frå «nazi-esteten» Leni Riefenstahl til postkolonialisten Achille Mbembe. Frå Gudmund til Helga Hernes.

I det litt breiare, avislesande lag er Slagstad kanskje meir kjent som ein typisk angripar, ein karakteristikk han meiner passar på han, også som fotballspelar.

- Meir og meir med åra, seier Slagstad, no er han 76.

I 2005 kom «Utvalgte polemikker» på 913 sider. Ein av dei utspelte seg over spaltene i Dagsavisen og Dagbladet med forfattar Kjartan

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt