Bondebladet
15.10.2018
Mange bønder i Luster er hardt ramma av flommen i helga. I Luster i Sogn har nedbøren og snøsmeltinga herja ille mange stader. Strie elvar har øydelagt svært mykje i Fortunsdalen og Mørkridsdalen. - Dette er eit forferdeleg og trist syn.
Mange hus har fått store skadar, både våningshus og fjøs. Det flyt med rundballar over alt, og mange av dei er øydelagde. Etter den vanskelege tørkesommaren, treng vi alt fôret vi har berga, så dette er ein veldig vanskeleg situasjon for mange bønder her inne no, seier Andreas Wollnick Wiese, leiar i Luster Bondelag.
Les merFramleis dyr i fjella
I Fortunsdalen blei ein familie på fire berga ut av huset sitt tidlig sundag morgon på grunn av strie elvemassar.
Også i Mørkridsdalen har fleire hus vore trua av elva som har teke store parti a