Både studentar frå teatervitskap, andre studentar og teatervitskap-professor Keld Hyldig hadde benka seg på tilhøyrarplass då fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet på Universitetet i Bergen skulle vedta den faglege bemanningsplanen. Det vart så fullt i rommet at nokre måtte sitja på gangen.
Vedtaket vart at teatervitskap må kutta ei stilling. Dette vart vedteke av eit einstemmig fakultetsstyre.
Det var professor Tove Ingebjørg Fjell som kom med forslaget. Ho støtta forslaget om kva fagmiljø som får tilsetja i ledige heimlar og ikkje, men hadde eit tilleggsforslag:
Fjell sitt forslag var at teatervitskap får tilført vikarmidlar, slik at studentane får det studietilbodet dei har søkt på. Desse skal gjelda til 1.juli 2026. Det same får fransk og russisk.
For teatervitskap føreslo Fjell at instituttleiarar og fakultet skal gå inn


































































































