Uniforum
09.11.2018
Universitetsdemokratiet lever. Det er det ingen tvil om, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft og brukar dekanvalet på Det humanistiske fakultetet ved UiO som eit prov på det.
For ei veke sidan blei det klart at Frode Helland hadde vunne dekanvalet på Det humanistiske fakultetet med 66,75 prosent av stemmene. Dermed må Arne Bugge Amundsen, som fekk 33,25 prosent av stemmene, gi frå seg dekanvervet etter fire år. Også Bugge Amundsen overtok dekanvervet etter å ha kjempa ein hard duell mot religionsprofessor Jens Braarvig, ein kamp han til slutt vann, med ein margin på 0,4 prosent.
Les merBegge dei siste dekanvala på HF, er gode prov på at universitetsdemokratiet lever, i alle fall på Det humanistiske fakultetet. Når tilsette og studentar er misnøgde med styringa til dekanen, går dei saman for å finna ein motkandidat. Denne gongen blei det Frode Helland, leiaren for Ibsen-senteret som tok på seg jobben