Uniforum
16.01.2019
Det var korrekt av Universitetet i Stavanger å gi Nils Rune Langeland sparken, men dei burde ha gripe tak i rusproblema til Langeland langt tidlegare og ikkje ha late saka liggja og skura gjennom mange år, meiner Uniforum-redaktør Martin Toft.
Universitetet i Stavanger hadde gyldig grunn til å seia opp historieprofessor Nils Rune Langeland fordi han trass i skriftleg åtvaring gjentatt har krenkt tenestepliktene sine. Det går fram av den samrøystes dommen frå Oslo tingrett, som var klar i går.
Les merDet var korrekt av Universitetet i Stavanger å gi Nils Rune Langeland sparken. Ein tilsett som møter opp full på jobben og også i offisielle samanhengar der han representerer arbeidsgjevaren, må forstå at det ikkje går an i lengda. Når Langeland heldt fram med det trass i fleire åtvaringar frå arbeidsgjevaren, hadde ikkje Universitetet i Stavanger anna val enn å seia han opp.
Lærdomen er at Universitetet i Stavanger burde ha gripe tak i rusproblema til Langeland langt tidlegare og ikkje ha late saka liggja og skura heilt sidan det første tilfellet fann stad i desember 2009. Tilbod om rusbehandling gjennom Akan-programmet kom for seint, då det først kom. Og n

































































































