Bok og bibliotek
07.02.2019
Av alle merkelege bøker underteikna har lese, tar denne boka prisen som den aller raraste . Originalitet kan vere ein dyd, men resultateter er ein over 500 siders tekst der det dessverre er altfor lite innsikt å finne . Årsaka er den fancy, «modernistiske» komposisjonen og den einsidig forteljande framstillinga .
Ein biografi utgjer ein del av historiefaget, det er ein sakprosasjanger som byggjer på dokumenterte kjelder. Det gjer også Blodet i årene, men boken er delvis skriven i skjønnlitterær form, basert på forsøk på innleving. Det er eit dumdristig grep. Vi blir invitert inn i tankane på både Amalie og andre: «Hun drømmer mørkt» (ein gong som barn), ved eit møte med Edvard Munch veit biografen kva han tenker om Skrams kropp: «Håret strøket opp frå nakken, det er gult, han tenker; som modent korn. Men panneluggen hennes faller ned over øynene, hun ser ut som hore, tenker han, ..,»
Undertittelen definerer boka som «biografisk collage», dvs. ein klipp- og lim-komposisjon, og der vanleg kronologi blir erstatta av minibiografisk stoff om Skrams samtidige, som ektemennene August Müller og Erik Skram samt ei rekke forfattarar og kunstnarar frå både Norden og diverse utland: Henrik Ibsen, Knut Hamsun, Hans Jæger, Oda Lasson og Christian Krohg, Victoria Benedictsson, August Strindberg, Friedrich Nietzsche, Georg Brandes, Sigmund Freud, Edvart Munch, Bjørn Bjørnson, Vincent van Gogh og Paul Gauguin. Slike portrett er nødvendige for å få «det store bildet», forklarar forfattaren.
Men ein slik indre samanheng mellom desse personane klarer ikkje Morken Andersen å påvise. Det er da heller ikkje til å begripe kva Hamsun, Nietzsche, Munch, van Gogh og Gauguin skulle ha med Amalie Skrams kuns
Gå til medietUndertittelen definerer boka som «biografisk collage», dvs. ein klipp- og lim-komposisjon, og der vanleg kronologi blir erstatta av minibiografisk stoff om Skrams samtidige, som ektemennene August Müller og Erik Skram samt ei rekke forfattarar og kunstnarar frå både Norden og diverse utland: Henrik Ibsen, Knut Hamsun, Hans Jæger, Oda Lasson og Christian Krohg, Victoria Benedictsson, August Strindberg, Friedrich Nietzsche, Georg Brandes, Sigmund Freud, Edvart Munch, Bjørn Bjørnson, Vincent van Gogh og Paul Gauguin. Slike portrett er nødvendige for å få «det store bildet», forklarar forfattaren.
Men ein slik indre samanheng mellom desse personane klarer ikkje Morken Andersen å påvise. Det er da heller ikkje til å begripe kva Hamsun, Nietzsche, Munch, van Gogh og Gauguin skulle ha med Amalie Skrams kuns


































































































