Khrono
01.11.2021
Institusjonane må endra praksis, slik at ph.d.-studentar får stemmerett på lik linje med andre.
Studentane skal som hovudregel vera representerte med minst 20 prosent i alle kollegiale organ ved lærestaden som har fullmakt til å gjera vedtak. Dette er fastslått generelt i universitets- og høgskulelova § 4-4.
Les merSom eit lite unntak har studentane to representantar i universitets- og høgskulestyra (§ 9-3), sjølv om styret har elleve medlemmer. Studentane er med på å velja studentrepresentantar, og dei er også med på å velja rektor (§ 10-2).
Studentrepresentasjon i institusjonane sine organ er ein sentral del av demokratiet i universitets- og høgskulesektoren. Det er viktig med studentdeltaking når institusjonane sin politikk skal utformast og det blir tatt avgjerder som vil påverka studiekvardagen.
Men det er ei gruppe som ikkje er inkludert i demokratiet, og det er ph.d.-studenta