Uniforum
05.10.2021
Det einaste ABE-reforma har tent til, er å visa at den avtrappande regjeringa ikkje har hatt tillit til dei som jobbar i det offentlege.
I mai 2020 kritiserte Uniforum regjeringas avbyråkratiserings- og efffektiviseringsreform (ABE-reforma) og ostehøvelkutta i dei offentlege budsjetta som har kome som ein fylgje av dette. Målet med reforma då den blei innført av Solberg-regjeringa i 2014, var å få vekk alt unødvendig byråkrati og sikra at statlege verksemder skulle omstilla seg til meir effektiv drift. Etter regjeringas oppfatning ville ein fornuftig måte å gjera det på, vera å kutta talet på administrative stillingar i dei statlege verksemdene, som om alle som jobbar der er byråkratar.
Les merTil no har ABE-reforma ført til at alle offentlege verksemder har fått eit flatt kutt på mellom 0,5 og 0,8 prosent i budsjetta sine. Fram til mai 2020 hadde det ført til nedskjeringar i universitetets- og høgskulesektoren på 1,2 milliardar kroner, ifylgje Universitets- og høgskulerådet. Det vil seia rundt 200 milliona