Politiforum
22.05.2026
Det er tungt å måtta skriva minneord over ein så god kollega og ven som Egil var.
Det er ufatteleg at eg aldri skal få sjå ditt varme og gode smil, få ein god bamseklem av deg, oppleva din gode latter, få dine sylskarpe og presise kommentarar om politikk og samfunnsliv eller oppdateringar frå kvardagslivet med dine nære og kjære i familien.
Onsdag 6. mai ringte di kjære dotter Kristine og informerte om at du hadde sovna stille inn, berre to dagar etter at me hadde vår siste samtale via SMS.
Egil vart berre 73 år, men fekk utretta ufatteleg mykje på dei 73 åra.
Han gjekk ut av Politiskulen i 1978, og hadde sitt yrkesliv i lensmannsetaten fram til han vart heiltidstillitsvalt i januar 1997.
Egil jobba ved tre ulike lensmannskontor, Austevoll, Fjell og Sund og Laksevåg. Han var ein stolt lensmannsbetjent, og stod for dei gode verdiane til nærpolitiet. Mange har gjeva han gode skotsmål for måten han utøvde politirolla på, alltid rettferdig og med stor integritet. Egil kunne både nytta utestemma og innestemma si, alt etter kva situasjonen kravde.
Han hadde også ein periode som lensmannsfullmektig i Hordaland politidistrikt og lokallagsleiar i Hordaland Lensmannsetats Landslag (LEL). Det var der eg «oppdaga» hans talent som tillitsvalt.
I j
Gå til medietOnsdag 6. mai ringte di kjære dotter Kristine og informerte om at du hadde sovna stille inn, berre to dagar etter at me hadde vår siste samtale via SMS.