Fagbladet
18.04.2016
«Æ drømme om å være fri i lag med alle folkan som æ like ...» Det gjer godt å syngja Ellinors vise, vi er mange som deler draumen om å vera fri, sjølv om vi kan tenkja ulikt om kva som skal til for at det skal «bli like fint å jobbe som å danse».
Kan draumen om å vera fri reknast om i tid, arbeidstid og fritid? Og kor mange av timane i døgnet må du ha kontroll over for å kjenna deg fri? Om det spørsmålet blir litt for stort, kan du tenkja deg at eit par timar meir fritid aukar opplevinga av fridom, gir deg eit betre liv? Dei fleste av oss er avhengige av å ha ein jobb for å tena det vi treng for å leva, og for dei aller fleste vil det seia at vi sel arbeidskrafta vår til ein arbeidsgivar som «gir» oss arbeid - og får sin del av fortenesta av det arbeidet vi gjer. Eit grunnleggjande spørsmål for fagrørsla har så lenge den har eksistert, vore å få til avtalar som set grenser for kor mange timar om dagen det skal vera nødvendig å selja arbeidskrafta si for å få ei lønn å leva av. Kravet om at normalarbeidsdagen måtte reduserast til åtte timar går tilbake til 1889. Her til lands fekk ein stor del av dei som har regulert arbeidstid åttetimarsdag for snart hundre år sia, frå og med 1919, somme litt tidlegare, og andre seinare.
Sia 1987 har dei fle
Gå til medietSia 1987 har dei fle