
Foto: Ola Sæther
- Det var trist å måtta flytta heile tida, seier Hans Petter Graver om oppveksten sin som son av den norske diplomaten Petter Graver. Før han begynte på gymnaset, hadde han
Hans Petter Graver:
61 år
Jussprofessor, tidlegare dekan ved Det juridiske fakultetet
Tilsett som jussprofessor ved UiO i 1993
Kone, to døtrer og eit barnebarn
Bur på Tåsen
Frå Oslo
budd både i Oslo, Paris, Geneve, Moskva og i Berlin.
- Då faren min blei utnemnd til norsk ambassadør i Israel og skulle flytta til Tel Aviv, blei eg send til Bø landsgymnas, fortel Hans Petter Graver. Slik kom han nesten tilbake til Tinn kommune der faren hans kom ifrå.
Cuba-krisa i Moskva
Uniforum møter rektorkandidat og jussprofessor Hans Petter Graver på det staselege kontoret ved Institutt for privatrett i Aulabygningen. Frå vindauget har han denne dagen kongeleg utsyn til dei gardistane som har stilt seg opp i giv akt i Karl Johans gate til ære for Islands president og det norske kongeparet.
Langt meir dramatisk var verdssituasjonen då han var elev ved den internasjonale skulen i Moskva i 1962.
- Det var midt under Cuba-krisa i oktober, og då hugsar eg at det var mange antiamerikanske demonstrasjonar mot den skulen eg gjekk på. Den gongen forstod eg nok ikkje heile alvoret, for eg var berre sju år gammal, minnest han.
Kunne blitt historikar eller statsvitar
Sjølv om han i oppveksten budde i mange forskjellige land, er han likevel ikkje i tvil om kvar han kjem frå.
- Eg reknar meg som Oslo-gut, understrekar han. Graver var heller ikkje i tvil om kvar han skulle studera. - Eg tenkte aldri på noko alternativ til Universitetet i Oslo. Sidan eg ikkje var interessert i realfag, ville eg velja mellom statsvitskap eller historie