Den 16. november sette leiaren for SIAN, Lars Thorsen, fyr på ei utgåve av Koranen under ein demonstrasjon i Kristiansand. Sinte motdemonstrantar gjekk til åtak, og politiet slukka den brennande boka med pulverapparat.
I etterkant har Filter Nyheter fortalt at politiet handla ut frå ei ordre frå politidirektør Benedicte Bjørnlund om å forsøka å avverga denne typen offentleg «skjending av Koranen». Ifølgje Filter Nyheter er bakgrunnen ei ny tolking av slike provokasjonar opp straffelova, samt «frykt for hevnangrep fra ekstreme islamister».
- Det å skjenda Koranen vil kunne vera, i ein gitt kontekst, brot på straffelovas §185 om hatefulle ytringar, seier Bjørnland til Filter.
Som fleire har peikt på - også her på Religioner.no - er denne interne politiordra problematisk. Det er det fleire grunnar til, men ein av dei er at dette høyrest litt vel mykje ut som ein blasfemiparagraf.
Til slutt landa Stortinget rett
Blasfemiparagrafen i den norske straffelova sa at «den som i ord eller handling offentlig forhåner eller på en krenkende eller sårende måte viser ringeakt for nogen trosbekjennelse hvis utøvelse her i riket er tillatt». I fleire tiår var han i røynda sovande. Han spela rett nok ei rolle då Statens filmtilsyn stogga filmen Life of Brian i 1980 og slik sikra den masse reklame, som den svenske reklamen som sa at filmen var så mo