AddToAny

Den schizofrene staten

Den schizofrene staten
MENINGER: Det er all grunn til å få i gang ein diskusjon om statens rolle i Afrika, og ei meir nyansert tilnærming til utviklingssamarbeidet med land på kontinentet. Tore Westberg treff spikaren å hovudet når han i Bistandsaktuelt 25.1.
skildrar folk flest si oppleving av staten i afrikanske land, med Nairobi som utgangspunkt.

Vi har i alle år bygd på førestillinga om nasjonalstaten som ein føresetnad for utvikling. Vi har trudd vi kunne hjelpe til med å utvikle afrikanske land på same måten som vi bygde opp Norge etter den andre verdskrigen. Ut frå vår eiga tenking og tru har vi hatt løysingane for Afrika. Det er ikkje det at vi ikkje har hatt kunnskap om økonomiske og politiske realitetar i samarbeidslanda, men vi har ikkje klart å bruke denne kunnskapen godt nok inn i utforminga av bistandssamarbeidet.

Afrikanske land har som regel - med nokre unntak - ein svak stat i betydninga evne til å skape tryggleik og velferd for innbyggjarane. Samtidig er den afrikanske staten både røvarstat og velferdsstat, ei kjelde til rikdom for dei som sit med makta og tilhengjarane deira på den eine sida, og ein stat som tilbyr borgarane offentlege tenester som helse, utdanning og vassforsyning på den andre. Medan det svake statsapparatet gjer det lettare for dei som styrer å misbruke den tilliten dei får, betyr også denne svakheten at dei offentlege tenestene til borgarane blir jamt over dårlege, ofte byråkratiske og utsette for småkorrupsjon.

Det er ikkje berre i Afrika ein finn slike motsetningar, men situasjonen for nasjonen og måten politikk fungerer på har klare afrikanske trekk. Wangari Maathai frå Kenya, miljøaktivist og fredsprisvinnar, sa at den moderne nasjonen i Afrika er ei overflatisk skapning. Etter at landa vart uavhengige hadde ikkje afrikanarar flest noko forhold til nasjonalstaten og blei verande knytte til dei fysiske og mentale grensene som det etniske samfunnet tilsa, meinte ho.

Maathai sa at dette forholdet resulterte i ein slags politisk schizofreni. Dei politiske ledarane etter uavhengigheten har på den eine sida prøvd å tone ned den tradisjonelle kulturen i dei etniske gruppene, samtidig som dei har brukt etnisitet for å halde på makta si. Slik har dei avspegla taktikken frå kolonitida med å splitte og herske med øydeleggjande konsekvensar for dei afrikanske samfunna.

The Big Man

I dei fleste afrikanske land er det enkeltpersonar - personligheter - som står sentralt i politikken. Politiske parti utan ein sterk mann - eller kvinne - blir oftast gjenstand for personlege feidar og rivalisering. Det skjedde med det tidlegare Peoples Party i Malawi etter at Joyce Banda tapte valet i 2014, og ho drog i eksil. Nå ser det ut til at opposisjonsrørsla i Zimbabwe kan komme i same situasjon etter at Morgan Tsvangirai vart alvorleg sjuk av kreft og nettopp døydde. Men det såkalla 'big-man'-syndromet har to sider. Samstundes som ledaren er opphøgja og tiljubla, er forventningane frå tilhengjarane om å få noko tilbake minst like høge. Dei som blir valde, og særleg om dei får regjeringsmakt, er under eit sterkt press for å betale tilbake, om å tilby jobbar og gåver. Dei siste åra har vi sett dette 'big-man-syndromet' veldig klart også i eit så pass i

Les mer

Flere saker fra Panorama Nyheter

Forhandlingene om en forpliktende pandemi-traktat er krevende og preget av mistillit, ifølge helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).
Panorama Nyheter 28.09.2023
Norges statsminister er ikke i tvil, etter besøk i Ukraina og en rekke møter med ukrainske ledere: Bistanden Ukraina aller helst vil ha, er militær, utviklet på Kongsberg og heter Nasams.
Panorama Nyheter 28.09.2023
Militærjuntaen som kuppet makten i Burkina Faso i fjor høst, sier at landets sikkerhetsstyrker avverget et nytt kupp onsdag.
Panorama Nyheter 28.09.2023
Mer enn 10.000 mennesker har rømt boligene sine i deler av Haitis Centre-provins etter flere angrep fra væpnede gjenger, ifølge landets migrasjonsmyndigheter.
Panorama Nyheter 28.09.2023
Ukraina ber flere land gjøre som Norge og forplikte seg til langsiktige støttepakker. EU og FN mener også det er behov for det - i tillegg til umiddelbar hjelp.
Panorama Nyheter 28.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt