AddToAny

Demokrati i den nye læreplanen

Demokrati i den nye læreplanen
Ein føresetnad for å kunna undervisa i det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap er at ein har ei klar oppfatning om kva ein vil leggja i omgrepet demokrati.
Den overordna delen av læreplanen er basert på tre ulike idear om kva demokrati som skuletema skal vera.

I den nye læreplanen vert demokrati og medborgarskap sentralt. I 2015 kom Ludvigsenutvalet med sin sluttrapport, Fremtidens skole (NOU 2015: 8) og året etter Melding til Stortinget 28. Fag - Fordypning - Forståelse (Kunnskapsdepartementet, 2016). Med litt ulike ordval løftar begge fram demokrati og medborgarskap som ei hovudsak for den framtidige skulen. Meldinga til Stortinget definerer demokrati og medborgarskap som eit tverrfagleg tema, og slik vart det i den overordna delen av læreplanen som kom i 2017.

Det er alltid ein fare for at det alle får ansvaret for, endar opp som noko ingen kjenner ansvar for. Sjansen for at det skjer er større dersom det er uklart kva ein meiner med demokrati. Ofte vert ordskiftet om demokratioppseding forvanska av at vi misforstår kvarandre fordi vi har ulike forståingar av kva vi snakkar om. I den overordna delen av den nye læreplanen kan vi skimta tre nokså ulike idear om kva demokrati som skuletema er. Det kan vera nyttig å skilja mellom dei, og å drøfta nokre av dei utfordringane kvar av dei har.

Tre syn på demokrati

Det kan vera forvirrande at det er så mange måtar å forstå demokratioppsedingsoppdraget på. Ludvigsenutvalet har eit prisverdig oppspel til å skilja mellom i alle fall to hovudformer. Ein kan lesa utvalet slik at det er eit skilje mellom demokratisk kompetanse, som er til bruk i dei demokratiske prosessane som forvaltar den offentlege autoriteten i landet (det vi gjerne litt lausleg kallar politisk deltaking) på den eine sida, og på den andre sida; samhandlingskompetanse, som ifølgje utvalet er til bruk i skule og arbeidsliv. Også andre gjer liknande skilje mellom demokrati som det som skjer i dei politiske institusjonane og demokrati i elevane si eiga livsverd (Stray 2011, Biesta og Lawy 2006). Med dette skiljet har utvalet sett ord på noko viktig. Dette er ulik kompetanse, tilpassa kvar sine deltakingsarenaer. Begge inngår i ansvaret for demokratisk danning, men dei er ulike. Begge formene finn vi igjen i overordna del av læreplanen. I overordna del kan ein dessutan sjå spor av ein tredje inngang til demokrati: som ein samlekategori for gode verdiar og intensjonar for utdanninga. Vi kan seia at her er demokrati forstått som det gode. Det gode er mykje vidare enn demokratisk kompetanse eller samhandlingskompetanse. Debatten om demokrati i skulen og korleis vi skal få det til, ville vore tent med om vi skilde klarare mellom desse tre.

Demokrati som det gode

Det er uråd å ikkje leggja merke til den sterke vektlegginga av verdiar i tilknyting til demokratiet i læreplanen. Det heiter på side 5 at demokratiet byggjer på verdiar, og av dei som med reine ord er knytt til demokratiet er menneskerettar, menneskeverd, åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd, solidaritet og likestilling. Det er ikkje uvanleg at demokrati vert forstått slik, som ei samling grunnleggande verdiar. Ofte er endå fleire verdiar enn desse nemnde.

I kva grad det er sant at demokrati, forstått som deltaking i skule, arbeidsliv og politikk, byggjer på desse verdiane, kan nok diskuterast. Det er meir nærliggjande å sjå dette som eit særprega demokratiomgrep i norsk skuledebatt: demokrati vert eit samleomgrep for ei brei vifte av ulike verdiar som er viktige og gode. Når ein snakkar om demokrati som skulen sitt oppdrag, er det i mange høve dette det eigentleg vert sikta til. Ikkje til konkrete ordningar i arbeidsliv eller andre stader og kompetanse til å delta der, men til eit sett gode verdiar som skulen skal fremja, og som får samlenemninga demokratiske verdiar.

Samhandlingskompetanse

Som nemnd kan ein lesa Ludvigsenutvalet slik at dei skil mellom samhandlingskompetanse, som høver i skule og arbeidsliv, og demokratisk kompetanse til bruk som deltakarar i det politiske livet. (Se note 1 nederst i artikkelen). Det norske arbeidslivsdemokratiet har mange røter og vert gjerne halde fram som

Les mer

Flere saker fra Bedre Skole

Pandemi og lærerstreik har aktualisert konsekvensene av at mange elever mister deler av sin skolegang. Ofte reises da spørsmålet om hva dette gjør med de utsatte elevene.
Bedre Skole 10.11.2022
Når en googler begrepet læringsidentitet, er det denne boka som kommer opp. Begrepet er altså helt nytt, og hva det egentlig betyr, må en bare gjette seg til før en åpner boka.
Bedre Skole 10.11.2022
Merethe Roos, professor i historie ved Universitetet i Sørøst-Norge, gjør noe så spennende og sjeldent som å kombinere ulike undervisningsopplegg i
Bedre Skole 10.11.2022
Skoler som setter i verk helt like tiltak, vil ofte ende opp med helt ulikt resultat. Et forskningsprosjekt satte seg fore å finne ut hvorfor.
Bedre Skole 10.11.2022
Som leser og lærer er det lett å være enig i forfatternes utsagn om at skolevegring er et mysterium.
Bedre Skole 10.11.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt