Khrono
12.05.2023
Ser vi kimen til ein ukultur når sjølve søknadene om opprykk blir lengre og lengre og meir liknar ei eiga avhandling, spør to professorar ved Universitetet i Stavanger.
Kan ein søknad om opprykk til førstelektor, dosent og professor bli for lang? Det enkle svaret er nei, sidan slike søknader sjeldan har strenge formkrav. Men svaret kan likevel vere ja. Som medlemmer i vurderingskommisjonar over mange år har vi undra oss over den svært ulike tilnærminga til det å skrive fram slike opprykkssøknader. Nokre søknader er på 7 sider (pluss vedlegg), andre er på 60, (pluss vedlegg). Problemet er ikkje isolert sett at søknadene er lange, men det at vitskapleg tilsette brukar for mykje tid på å skrive sjølve søknaden. Mange gir inntrykk av at dei skriv på noko som liknar ei avhandling.
Les merMange som skriv på slike dokument over fleire år er med i grupper der dei kommenterer kvarandre sine søknader, og får i nokre høve også stipend for å skrive opprykkssøknad. Heller


































































































