Uniforum
11.10.2022
Plastsøppel blir no smelta om til andre ting av plast. Nyleg var det ein demonstrasjon på biblioteket ved Institutt for informatikk på UiO.
Av plast er du komen og til plast skal du bli. Det kan bli det nye mantraet til forskargruppa «Regenerative Teknologiar» på Institutt for informatikk ved UiO. For inne på biblioteket i Ole-Johan Dals hus står det no ei maskin som kunne ha vore bygd av Noregs mest kjente oppfinnar, Reodor Felgen, Kjell Aukrusts hovudperson frå mellom anna Flåklypa Grand Prix. Men denne maskina er sett saman på Kanariøyane i Spania, etter instruksjon og teikningar frå Precious Plastic-rørsla.
Les merDet grøne skiftet i praksis
Det er forskarane Ines Junge og Andrea Alessandro Gasparini ved Institutt for informatikk som har tinga maskina. Begge tilhøyrer forskargruppa «Regenerative Teknologiar», Gasparini som gruppeleiar og Junge som stipendiat. Dei deltar også i forskinga på Berekraftslaboratoriet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. For dei er dette det grøne skiftet i praksis.
- Dette er ein del av forskinga vår som er berekraft innanfor teknologi. For nokre år sidan f


































































































