Foto: Martin Toft
Alle dei elleve kandidatane til Universitetsstyret stilte opp, då Universitetet i Oslo inviterte til valdebatt i Scene Humsam i Georg Sverdrups hus i dag. Ordstyrar Aslak Bonde leidde ein debatt med fem kandidatar til dei to plassane som representantar for dei vitskaplege tilsette: Historieprofessor Erling Sverdrup Sandmo, statsvitskapsprofessor Dag Harald Claes, filosofiprofessor Olav Gjelsvik, litteraturprofessor Anne Birgitte Rønning og førsteamanuensis i nordisk språkvitskap, Sverre Stausland Johnsen.
Sidan Anne Birgitte Rønning er den einaste kvinna som stiller, er ho allereie sikra fast plass i Universitetsstyret.
Kandidatane som kjempar om den eine plassen for stipendiatane og dei mellombels tilsette, er språkforskar Ingrid Lossium Falkum og jusstipendiat Henriette N. Tøssebro. Samtidig knivar fire kandidatar om den eine plassen som representant for dei teknisk-administrative tilsette. Det er avdelingsleiar Ole Martin Nodenes, Ceres, som har sete ein periode i Universitetsstyret og no ynskjer attval. Utfordrarane hans er kontorsjef Astrid Waaler Kaas, Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, seniorrådgjevar Marianne Midthus Østby frå Institutt for klinisk medisin