Uniforum
27.02.2023
Språkrådet meiner framleis at ein i arbeidet med nye språkpolitiske retningslinjer ved UiO bør lene seg på arbeidet som er gjort ved UiB og NTNU, både når det gjeld prosess og resultat.
Rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, viser i eit intervju med Uniforum 24. februar til eit intervju med meg tidlegare i februar om UiOs arbeid med nye språkpolitiske retningslinjer.
Les merSpråkrådet er glad for å høyre at Svein Stølen vil ha fakta på bordet om språksituasjonen ved UiO og andre universitet. Språkrådet meiner framleis at ein i arbeidet med nye språkpolitiske retningslinjer ved UiO bør lene seg på arbeidet som er gjort ved UiB og NTNU, både når det gjeld prosess og resultat. Begge desse universiteta sette ned eigne utval med vitskapleg tilsette, administrativt tilsette og studentar, som la fram forslag til retningslinjer. For å forankre retningslinjene i heile institusjonen blei forslaga sende på intern høyring før dei blei endeleg vedtekne. UiO hadde ein grundig prosess då dei gjeldande retningslinjene kom i 2010, og vi vil oppmode verksemda om å følgj


































































































