Uniforum
05.02.2023
Dei andre universiteta i Noreg, irekna toppleiarane, har i langt større grad enn UiO forstått at språkspørsmålet må takast alvorleg og få følgjer for måten ein organiserer personaloppfølging, undervisning og språkstøtte.
Språkpolitikken ved Universitetet i Oslo skal reviderast, kan Uniforum fortelja oss, og meiningane ved UiO sprikar. Skal ein døma etter språkmøtet i Domus Bibliotheca på tysdag 31.1. er universitetsleiinga - og somme tilsette - framleis innkapsla i ei boble der samfunnet utanfor UiO knapt finst, slik at språkspørsmålet blir ei sak for intern synsing.
Les merMen slik er det sjølvsagt ikkje. UiO har vore underlagd lover om språk i offentleg sektor sidan 1930. Den siste - språklova - gjeld frå 1.1.2022, altså frå eit drygt år sidan. Kunnskapsdepartementet har som oppfølging teke opp språkspørsmålet i tildelingsbrevet til UiO for 2023, og der står følgjande:
"Den nye språkloven ble gjelde