Bondebladet
17.08.2023
Hagen til Anne Grete Bjørknes i Nedstrand er full av grønnsaker, urter, bær og blomar. Ho driv godt, men skulle gjerne hatt meir sesonghjelp.
Anne Grete Bjørknes (63) er fødd og oppvaksen på Karmøy. Ho kjem ikkje frå gard, men tok utdanning som agronom ved Melsom landbruksskule og seinare studiar i hagebruk ved NMBU på Ås.
No er den fargerike flekken i Nedstrand i Tysvær som er arbeidsplassen hennar.
Sel varer lokalt
Anne Grete starta opp Hima-Grønt i 2019. No sel grønnsaker lokalt i bygda, og har i tillegg ein del faste kundar gjennom andelsbruk. Kundane ligg spredt frå Nedstrand til Haugesund.
- Kundane betaler frå 5 til 6 000 kroner i året. Eg får pengane inn på våren og forpliktar å levere varer 12 ganger i sesongen. Kundane får varer etter det dei har betalt inn, og er med på frivillig dugnad i hagen, seier ho.
Anne Grete leverer varer til to restauranter i Haugesund, Lothes mat og vinhus og Quality hotell maritim, og til ein butikk.
- Dei tingar etter behov og sender melding kvar veke. No er det tid for bær, blåbær, rips og solbær,
Gå til medietNo er den fargerike flekken i Nedstrand i Tysvær som er arbeidsplassen hennar.