Ingrid Kristin Moe
Tannpleiar med master i helsefremjande arbeid, Vestland fylkeskommune
Therese Thornton Sjursen
Ph.d. og psykologspesialist, Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen
Regina Skavhellen Aarvik
Ph.d.-stipendiat og tannlege, Universitetet i Oslo/Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland
Torill Helene Tveito
Ph.d. og tannlege, Institutt for helse-, sosial- og velferdsfag, Universitetet i Sørøst-Norge
Maren Lillehaug Agdal
Ph.d. og pedodontist, Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vestland
Hovudbodskap
Studien kan tyda på at både tannhelsetenesta og brukarane har mykje å vinna på auka fokus på brukarmedverknad i tannhelsetenesta.
For å førebyggja tannbehandlingsangst meinte deltakarane at god kommunikasjon og forklaring i forkant og undervegs i behandlingsprosessen er viktig.
Deltakarane ynskte å oppleva kontroll, og å bli sett og høyrt i behandlingssituasjonen.
Deltakarane opplevde det vanskeleg å sei ifrå til behandlaren når dei opplevde noko ugreitt i tannbehandlingssituasjonen.
Fleire av deltakarane meinte at dersom det hadde blitt lagt betre til rette for brukarmedverknad tidlegare, kunne det hindra eller redusert behovet deira for hjelp frå TOO.
Bakgrunn: Brukarmedverknad er i vinden i mange norske helsetenester, men forfattarane kjenner ikkje til norske publiserte studiar om brukarmedverknad i tannhelsetenesta. Studien har til mål å undersøka korleis brukarar av TOO har opplevd mogelegheita for brukarmedverknad i møte med tannhelsetenestene. TOO er eit tilrettelagt behandlingstilbod for pasientar som har vore utsett for tortur, overgrep, og/eller har odontofobi.
Metode: Kvalitativ metode med ni individuelle intervju. Deltakarane er brukarar av TOO, som av ulike årsaker har særleg behov for tilrettelagt tannbehandling. Tematisk tekstanalyse vart nytta til analyse av datamaterialet.
Resultat: Deltakarane har varierande forståing av konseptet brukarmedverknad. Dei har hatt positive erfaringar med brukarmedverknad på individnivå i TOO, men har lite erfaringar med brukarmedverknad i tannhelsetenesta tidlegare. Dei har ingen erfaringar med brukarmedverknad på systemnivå. Dei meiner at betre informasjon og kommunikasjon kan gjera tannhelsetenestene betre. For å legga betre til rette for brukarmedverknad i tannbehandling peikar deltakarane mellom anna på å bruka god tid, og at pasientane blir sett og lytta til.
Konklusjon: Deltakarane meiner at meir bruk av brukarmedverknad i tannhelsetenesta kan vera med å forebygga vegring for tannbehandling ved at fleire får gode opplevingar i møte med tannhelsetenesta. Det bør difor vera meir fokus på brukarmedverknad i tannhelsetenesta.
Fakta om TOO
TOO er eit tilrettelagt behandlingstilbod for pasientar som har vore utsett for tortur, overgrep, og/eller har odontofobi. TOO er finansiert av Helsedirektoratet og drifta av den offentlege tannhelsetenesta i alle fylka i landet. Pasientane kan sjølv ta kontakt med TOO, eller bli tilvist av tannhelsepersonell eller anna helsepersonell. Behandlingstilbodet er todelt der pasientane i første omgang får angstbehandling hos tverrfagleg TOO team før dei deretter blir tilvist til TOO-tannbehandlingsteam for tannbehandling.
Eit godt og effektivt helsevesen med mål om betre helse i befolkninga er stadig i fokus og i utvikling. For best mogeleg individuell nytte må tenesta vera tilpassa brukaren. Helsetenestene har plikt til å involvera brukarane og brukarane har rett til å medverka i saker og avgjersler som omhandlar og påverkar dei. Dette er ein lovfesta rett i Noreg, nedfelt i Pasient- og brukerrettighetsloven []. Prosessen som set brukaren i stand til å ta større kontroll over avgjersler og handlingar som påverkar til betre helse er ein helsefremjande prosess og er definert i omgrepet empowerment []. Brukarmedverknad med mål om at brukarane bidreg til utvikling av helsetenestene er ei form for empowerment. Når brukarane får påverka behandlinga, kan dette bidra til å styrka både sjølvbilete og motivasjonen til brukarane, samtidig som tenestene kan bli betre []. Brukarmedverknad kan skje både på individnivå der brukaren påverkar sitt eige behandlingsløp, eller på systemnivå der brukaren bidreg til utforming av helsetenestene [].
Verdien av medverknad og empowerment er ikkje ny kunnskap. Verdas helseorganisasjon lanserte allereie i 1986 Ottawacharteret, der empowerment blir framheva som både strategi og metode for å fremja god helse []. Ottawacharteret påpeikar helsetenestene sitt ansvar for å utvikla og reorientera seg. I Noreg har fleire helsetenester innført system for brukarmedverknad både på individ- og systemnivå, til dømes innan rus og psykiatri []. Fram til no har det derimot ikkje vore mykje fokus på brukarmedverknad innanfor tannhelse.
I Noreg er målet at alle skal vera sikra lik tilgang på helsetenester av god kvalitet []. Føresetnadar for dette er mellom anna at brukarane får medverka ved behandlingsval, og at dei får naudsynt informasjon for å forstå eigen helsetilstand. Å ta omsyn til pasientane sin evne til å oppsøka, forstå og bruka helseinformasjon, er difor viktig [].
Personar som har vore utsett for tortur, overgrep eller har odontofobi (TOO) er ei spesielt sårbar gruppe i tannhelsetenesta Tilrettelagt behandlingstilbod som inneber angstbehandling og tannbehandling med mål om varig god oral helse er oppretta for denne pasientgruppa slik at dei med særskilde behov også skal få hjelp til tannbehandling TOO-pasientane representerer ei pasientgruppe som ofte har negative kjensler knytt til tannbehandling, og er difor ikkje representative for alle brukarar av tannhelsetenestene. Meir kunnskap om korleis dei opplever mogelegheita for brukarmedverknad er likevel interessant fordi eit innblikk i deira opplevingar kan visa oss kva brukarmedverknad betyr for dei, og slik gjera det lettare å utvikla tenestene og betre legga til rette for sårbare pasientar. Med bakgrunn i dette var målet med studien å utforska korleis brukarane av TOO-tilbodet har opplevd mogelegheita for brukarmedverknad i tannhelsetenesta, og korleis brukarane meiner at tannhelsetenesta betre kan legga til rette for brukarmedverknad.
Metode
Studien vart gjennomført med eit utforskande kvalitativt design, og datamaterialet vart samla inn gjennom ni individuelle intervju sommaren 2021.
Deltakarar og rekruttering
Deltakarane vart rekruttert under rutinesamtalar med koordinerande tannhelsesekretærar ved TOO. Dei som meldte interesse for forskingsprosjektet vart kontakta av IKM og fekk meir informasjon. Deretter vart skriftleg informasjon og samtykkjeskjema tilsendt dei som ville delta. Av dei 17 personane som meldte interesse for forskingsprosjektet var det 2 som ikkje møtte opp til avtalt intervju og 6 takka nei, eller valde å ikkje respondera.
Ni personar stilte til intervju. To deltakarar var i oppstartfasen for angstbehandling, resten var ferdige med angstbehandlinga og hadde starta tannbehandling når intervjua fann stad. Deltakarane hadde bakgrunn frå odontofobi og/eller overgrep. Ingen hadde kjend bakgrunn frå tortur. Begge kjønn var representert, og alle deltakarane var over 20 år.
Gjennomføring av intervju
Eitt intervju vart gjennomført digitalt via Teams grunna lang reiseveg for deltakaren, resten vart gjennomført med fysisk oppmøte i lokala til Tannhelsetenesta sitt kompetansesenter. Intervjua vart gjennomført med middels struktureringsgrad [] med utgangspunkt i intervjuguide utforma i forkant. Intervjua vart leia av IKM. Ein assisterande moderator (forskingsassistent) var med og passa på at tida ikkje oversteig tidsplanen (90 minuttar) og at alle tema i intervjuguiden vart dekka. Intervj


































































































