Khrono
04.05.2023
Fleire norske akademikarar kasta seg på oppropet for pause i utviklinga av kunstig intelligens, saman med ekspertar frå Google, Microsoft - og Elon Musk.
- Eg skreiv under fordi vi treng å stanse opp og tenke gjennom korleis teknologien bør brukast, og korleis vi kan hindre misbruk. Eg meiner ikkje at vi skal stanse utviklinga, men vi treng ein grundig refleksjon, seier Morten Dæhlen, som er leiar for dScience, Senter for data og beregningsvitskap ved Universitetet i Oslo.
Les mer27 500 har signert til no, oppropet som i mars vart publisert frå Future of Life Institute:
Kunstig intelligens (KI) kan utgjere ein grunnleggande risiko for menneskeslekta, slo brevet og oppropet fast. Kravet var derfor at ein i første omgang innføret ei «minst 6 månader lang pause i opplæring av KI-system som er kraftigare enn GPT-4» (systemet som ChatGPT er basert på).
No har Open AI, selskapet som har utvikla GPT-4, lytta - i alle fall delvis.
Selskapet arbeider ikkje - for tida - med å vidareutvikle GPT5. «Vi vil ikkje gjere det på ei stund», sa Open AI-sjefen Sam Altm


































































































