Nå er «Petals of Blood» omsett til norsk med tittelen «Blodige kronblad», utgitt av Solum Bokvennen, som også har gitt ut to tidlegare romanar av Ngugi. Desse bøkene er ei gåve til publikum, ikkje berre til Afrika-interesserte, men også til andre som ønskjer å ta del i sentrale verk i verdslitteraturen utanfor Europa.
Romanen er særeigen på fleire måtar. I det ytre er det ein kriminalroman, men innhaldet har i seg Kenyas politiske, sosiale og økonomiske utvikling over to-tre tiår. Bakteppet er kolonitida og Mau-Mau-krigen (Kikuyu-folkets opprør mot det britiske kolonistyret i Kenya fra 1952 - 1956, red. anm.). Nåtida er Kenya på 1970-talet.
Fire karakterar, ein dødsbrann
I den vesle byen Ilmorog, langt frå det vibrerande livet i hovudstaden, blir tre av samfunnets kjende støtter, alle direktørar i det utanlandsk eigde bryggeriet i byen, funne døde. Dei brann inne i villaen til landsbyens mest kjende kvinne, som er blitt rik gjennom å bruke seg sjølv og hennar mange unge tilsette til å tilfredsstille mannlege behov.
Politietterforskaren hentar inn til forhøyr personar som kan tenkjast å ha hatt noko med brannen å gjere. Ein av dei er bokas hovudperson, skulestyraren Godfrey Munira. Etter liten framgan