AddToAny

Binding av lærartid og elevresultat

Binding av lærartid og elevresultat
KS har ikkje gitt opp ambisjonane om å binda meir av arbeidstida til lærarane, ut frå ein argumentasjon om at elevane vil læra meir på denne måten. Men det kan bli ei utfordring å dokumentera ein samanheng mellom meir bunden arbeidstid og læringsresultat. Det KS har lagt fram til no, er ikkje godt nok.
KS fekk ikkje gjennomslag for kravet om meir binding av lærarane si arbeidstid til arbeidsplassen, i avtalen som vart forhandla fram med lærarorganisasjonane etter lærarstreiken sommaren 2014. KS stod likevel på sitt: «Vi mener fortsatt at lærernes tilstedeværelse på skolen er et viktig punkt for å skape et godt læringsmiljø», sa styreleiaren i KS etter at avtalen var underskriven.1 Forhandlingane skulle halda fram og relevant kunnskap og forsking hentast inn, ifølgje protokollen, som forplikta partane til å greia ut framtidig organisering av arbeidstida i skuleverket innan utgangen av 2017.2 Siste ord er ikkje sagt om lærarane sine arbeidstidsordningar.

KS sin argumentasjon for meir binding av arbeidstida blei presentert i debattinnlegg, intervju og ein serie nyheitsbrev i tida november 2013 til og med august 2014. Ein gjennomgang av materialet syner at organisasjonen framfor alt var oppteken av læringsresultata til elevane. Slik argumenterte KS: 1. Dei norske PISA-resultata viser at norsk skule ikkje er god nok.3 Noko må gjerast.

2. Solid forsking og mange evalueringsrapportar syner at kollektiv orientering - god leiing, samspel mellom leiing og lærarar, tett samarbeid lærarane imellom - fører til betre læring. 3. Samarbeid og god leiing kan ikkje verta ein realitet med mindre lærarane samtidig er tilgjengelege for leiinga og for kvarandre. 4. Forsøk med lokalt avtalte ordningar har ikkje gjeve ynskt resultat; over tid er det blitt færre, ikkje fleire, kollektivt orienterte skular.4 5. Løysinga finst: Meir bunden felles arbeidstid for lærarane vil gje rom for god leiing, for tettare lærarsamarbeid, for kollektiv orientering og organisering, til beste for elevane og deira læring.



I denne artikkelen går eg gjennom KS sin presentasjon av den forskinga og dei evalueringsrapportane som organisasjonen la til grunn for standpunkta sine, og jamfører presentasjonen med det som faktisk står i dei omtalte publikasjonane. Rapporten som KS stødde seg tyngst på, vert undersøkt med tanke på fagleg gehalt.



Forsking Andy Hargreaves og Michael Fullan I nyheitsbrev av 03.07. 2014 synte KS til Andy Hargreaves og Michael Fullan einast ved namn. Eg finn det rimeleg å gå ut frå at det var den mest kjende felles publikasjonen til dei to forskarane det vart referert til, den prislønte Professional Capital: Transforming Teaching in Every School (Hargreaves & Fullan 2012). Til denne skreiv forfattarane utfyllande Book Notes (Fullan & Hargreaves 2013). Der blir det understreka, som av KS, at lærarsamarbeid, kollektivt ansvar og god leiing bidrar til ein god skule. Men Fullan og Hargreaves rår frå pålagd felles planleggingstid - slikt ville innebera altfor sterk styring av tidsbruken til lærarane («overmanaging the specifics of collegial time»).5 Dessutan: å styra gjennom pålegg og byråkratisk standardisering er kontraproduktivt; å leia ved å gje lærarane tillit og syna dei respekt gjev den gode skulen.



Viviane Robinson Utan referanse til publikasjonar viste KS til «Vivian Robinson» i nyheitsbrevet av 03.07.2014. Eg finn det rimeleg å gå ut frå at det var den førebels siste boka til Viviane Robinson det vart referert til, Student-Centered Leadership (2011), der Robinson reiser spørsmålet om reorganisering av timeplanen for å skapa tid til samarbeid mellom lærarane. Ho avviser ikkje tiltaket, men rår heller ikkje til: problemet er ikkje tid, det er å læra å leggja data inn i den eksisterande avgjerdsprosessen («[t]he problem is not time but learning how to insert data into the current decision-making process»).6 Knut Roald Omtalen av Knut Roald si doktoravhandling Kvalitetsvurdering som organisasjonslæring mellom skole og skoleeigar (2010) hadde overskriftene «Tidstyver, eller... ? » og «Tilstedeværelse er en forutsetning». KS skreiv at medan kvalitetsarbeid ofte hadde fått eit negativt stempel og var blitt omtalt som tidstjuveri, så synte Roald korleis kommunar kunne arbeida produktivt med kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling. KS konkluderte at meir bunden arbeidstid ville gje lærarane betre høve til å bidra med sin kunnskap i desse prosessane, slik at «politikerne settes i stand til å gjøre gode vedtak».7 Knut Roald ser det som naturleg at lærarane vert trekte inn som aktive deltakarar i arbeidet med kvalitetsvurdering, men han synest vera lite oppteken av formelle vedtak: «Tradisjonelle møteformer med saksførebuing, diskusjon og vedtak høver dårleg for arbeid med kvalitetsspørsmål».8 Uttrykket «gode vedtak», sentralt i KS si for
Gå til mediet

Flere saker fra Bedre Skole

Pandemi og lærerstreik har aktualisert konsekvensene av at mange elever mister deler av sin skolegang. Ofte reises da spørsmålet om hva dette gjør med de utsatte elevene.
Bedre Skole 10.11.2022
Når en googler begrepet læringsidentitet, er det denne boka som kommer opp. Begrepet er altså helt nytt, og hva det egentlig betyr, må en bare gjette seg til før en åpner boka.
Bedre Skole 10.11.2022
Merethe Roos, professor i historie ved Universitetet i Sørøst-Norge, gjør noe så spennende og sjeldent som å kombinere ulike undervisningsopplegg i
Bedre Skole 10.11.2022
Skoler som setter i verk helt like tiltak, vil ofte ende opp med helt ulikt resultat. Et forskningsprosjekt satte seg fore å finne ut hvorfor.
Bedre Skole 10.11.2022
Som leser og lærer er det lett å være enig i forfatternes utsagn om at skolevegring er et mysterium.
Bedre Skole 10.11.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt