BUSKAP
25.06.2021
Eit nyleg avslutta samarbeidprosjekt mellom forskarar frå Nord universitet, Sveriges Lantbruksuniversitet og NIBIO tar for seg etablerte myter og oppfatningar om fordelar og ulemper ved beite i kombinasjon med automatisk mjølking.
Bakgrunnen for det seksårige prosjektet var den frustrasjonen, uroa og usikkerheita mange produsentar gav uttrykk for då beitekravet i 2014 vart gjeldande også for lausdriftsfjøs. Mykje av denne usikkerheita kom frå opplevde praktiske utfordringar med beite i større besetningar. Ein del virka også kome frå ein rekke oppfatningar, påstandar og grunnførestillingar om beitedrift i besetningar med høg avdrått, spesielt med tanke på kombinasjonen av AMS (automatisk mjølking) og beite, veletablert bland både produsentar, rådgivarar, veterinærar og forvalting. Eitt av måla med prosjektet var å setje sanningsinnhaldet i nokre av desse oppfatningane av beite og AMS på prøve.
Inga skilnad mellom manuelt og automatisk påsett av mjølkemaskin
Første myte undersøkt var påstanden «Det går ikkje å kombinera AMS og beite utan ein betydeleg nedgang i avdrått». Altså, at det går å ha lakterande kyr på beite der dyra vert henta til manuelt påsett, men ikkje der dei sjølv må oppsøke mjølkemaskina.
Dette er ein grunntanke som i stor grad vil kunne påverke korleis ein tenker om og planlegg for beite, men finnes det ein slik universell årsak-verkingseffekt?
Basert på produksjons- og gardsdata frå 450 norske mjølkebruk vart det berekna ein respons på beiteslepp i form av endring i yting. Kva for mjølkingssystem som vart nytta under beitesesongen bidrog ikkje til å forklare skilnadane mellom gardar eller mellom kyr i avdråttsendring. Utifrå dette er det altså inga støtte for at det er ein automatikk i at garder som mjølker med AMS skal ha noko dårlegare resultat med å ha kyra sine på beite enn andre.
Høg beitedel trenger ikkje bety avdråttsfall
And
Gå til medietInga skilnad mellom manuelt og automatisk påsett av mjølkemaskin