I boka Building State Capacity, som han skreiv saman med Matt Andrews og Michael Woolcock, blir ikkje dei store framstega når det gjeld forhold som levealder og barnedød, skulebygg og utdanning av lærarar undervurderte. Men dette har vore den enkle delen av utvikling. For å fullføre utviklingsreisa, seier dei, må vi nå ta fatt på det som er vanskelegast, å få bygningar, lærarar og skulebøker til å sørgje for at det skjer verkeleg læring, å skape den evna som gjer ungdommen til fungerande deltakarar i det 21. hundreårets globale økonomi og skaper informerte borgarar som deltar i den nasjonale politiske debatten. Først då vil afrikanske land ha den kapasiteten og kompetansen som er nødvendig.
Nettopp utdanningssektoren illustrerer kanskje dette best. Innhaldet og kvaliteten i utdanninga er ikkje berre viktig, men avgjerande. Eit av dei landa i Afrika som har komme lengst i utdanning for alle er Sør-Afrika. Men 25 år etter at apartheid vart avskaffa seier den tidlegare presidenten i landet, Thabo Mbeki, i eit 1.mai-intervju at


































































































