AddToAny

Ayatollahdottera som blei menneskerettsaktivist

Maryam Faghih Imani er dotter av ein av dei mektigaste religiøse leiarane i Iran. No talar ho både det iranske regimet og faren midt imot. - Det må bort og erstattast av eit demokratisk styre med skilje mellom stat og religion, seier ho.
Då ho var ei lita jente oppheldt Maryam Faghih Imani seg i stova til ayatollah Khomeini medan ho leika med barna til andre ayatollaer. Ayatollah Khomeini var mannen som leia den islamske revolusjonen i 1979. Han fekk etablert eit prestestyre i landet som tidlegare var styrt av ein nesten eineveldig sjah. Faren hennar var ayatollah i byen Isfahan og ein av Khomeinis beste venner. - Det var han heilt til Khomeini døydde i 1989. Han er også ein nær venn av dagens religiøse leiar Ali Khamenei, fortel Maryam Faghiih Imani. Ho har hatt eit liv heilt utanom det vanlege, noko som også førte henne til Universitetet i Oslo.

Maryam Faghih Imani har aldri hatt sansen for prestestyret i Iran.

- Det nyttar ikkje å reformera det innanfrå, slik studentar og liberale politikarar prøvde på i 2009. Nei, det regimet må fjernast heilt, slik at det kan bli innført demokrati med eit klart skilje mellom stat og religion i Iran. I dag ser eg at det er unge krefter i Iran som kjempar for akkurat dei verdiane. For meg er det ei glede å sjå at mange som kjempar for fridom i verda i dag, også krev dette skiljet mellom stat og religion. Det er viktig å byggja opp ein kapasitet for demokratisk kultur og toleranse, for regimeskifte i seg sjølv, skaper ikkje endring. For det viktigaste av alt er menneskerettane. Dei står over alle land i heile verda uavhengig av religionar, kulturar og ideologiar, understrekar ho.

Skaper møteplassar mellom arabarar, israelarar og iranarar

Maryam Faghih Imani arbeider no som aktivist for menneskerettar over heile verda og fører folk som vanlegvis ikkje møter kvarandre, saman. Derfor har ho mellom anna skapt møteplassar mellom iranarar, arabarar og israelarar både i og utanfor Israel, gjennom Centre for Cultural Diplomacy and Development.

- Det er viktig å få dei til å jobba saman gjennom felles prosjekt for at dei skal bli betre kjente med kvarandre på tvers av dei grensene som vanlegvis står mellom dei. På den måten kan me byggja opp eit ekte demokrati i regionen. Håpet er at det skal bli etablert fleire parti i landa, og at det skal medverka til fred og hindra krig i området, fortel ho.

Nettopp derfor har ho vore fast bidragsytar på den internasjonale konferansen Oslo Freedom Forum heilt sidan 2015.

- Prøvde å

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt