Bedre Skole
10.06.2016
For mange elevar startar nynorskopplæringa med å bøye substantiv. Ei gruppe elevar som ikkje hadde hatt nynorsk tidlegare, fekk i oppgåve å skrive si første tekst på nynorsk med utgangspunkt i sitt eige talemål: drammensdialekten. Resultatet gav læraren grunnlag for å endre undervisingspraksis ved å leggje større vekt på å få elevane til å reflektere rundt lokalt talemål og heller ta formverket
...etter kvart. Å lære drammenselevar å skrive nynorsk er ei utfordring. Dei fleste møter det nynorske skriftspråket først som 14-åringar, og da har dei allereie blitt fortalt kor vanskeleg og forferdeleg det er å lære nynorsk. I Drammen er det ei opplesen og vedtatt sanning at nynorsk er eit språk som berre er til for å gjere livet til drammensungdomen miserabelt. Det er noko som dei ikkje ser nytte i å lære seg. Dei skriv bokmål, og dei liker bokmål fordi dei trur dei snakkar bokmål. Vi som jobbar med språk, veit at drammensarar ikkje snakkar bokmål, men drammensdialekt - ein dialekt som år for år liknar meir på oslomålet. I forsøket på å finne ein god måte å drive nynorskopplæring på, har eg likevel lurt på om talemålet kan vere eit veleigna grunnlag. I denne artikkelen vil eg derfor sjå nærare på følgjande problemstilling: Korleis kan drammensdialekten bli brukt som grunnlag for nynorskopplæringa? For å svare på problemstillinga har eg valt å gjere ei kvalitativ undersøking1 der eg har samla inn elevtekstar frå ein 8. klasse i norsk, for å sjå om drammensdialekten er eit godt utgangspunkt for nynorskopplæringa. Innleiingsvis vil eg skrive om drammensdialekten, før eg ser nærare på tekstane og drøfter problemstillinga.
Drammensdialekten Dei siste åra har drammensdialekten, på same måte som andre dialektar på Austlandet, blitt prega av regionalisering. Regionalisering inneber at dialektane blir meir like det urbane talemålet i regionen. For drammensarar er det oslomålet, eller standard austlandsk. Men også i Oslo snakkar dei ulikt. Ofte blir oslomålet delt inn i vestkantog austkantmål. Dette skiljet er like mykje knytta til geolekt (geografisk høyre til), som sosiolekt (sosial tilhøyrsel). Desse forskjellane er ofte knytte til endingar i substantiv, som for eksempel «guttene» - «gutta», «jenten» - «jenta» og «hytten» - «hytta». Det kan også vere knytt til endingar i verb, som for eksempel «kastet» - «kasta», «jobbet» - «jobba».
Drammensdialekten er i ferd med å bli vatna ut. I dag er det fleire som skal ha «pose» enn «påsa» i «butikken», ikkje «buttiken». Nokre vil framleis «værra me på hytta i hælja», men mange vil «være med på hytta i helga/helgen» (Frydenlund, 2009). Grunnane til denne utvatninga er mange.
Når drammenselevar lærer å skrive, lærer dei å skrive «guttene», ikkje «gutta», og mange lærer å skrive «jobbet», og ikkje «jobba» - men det kjem heilt an på læraren. Den måten drammenselevar lærer å skrive på, er derfor tettare knytt til talemålet på Oslo vest enn aust. Dei lærer altså å skrive tradisjonelt bokmål. Sjølv om det hadde vore meir nærliggande å lære elevane å skrive radikalt bokmål, som ligg nærare opp til talemålet deira, vel dei fleste lærarane å lære elevane tradisjonelt bokmål, da det ofte blir oppfatta som «meir riktig».
Elevar veit stort sett ikkje at det er rom for variasjon i skriftspråket og held seg derfor til å skrive på den måten dei har lært er rett. For mange elevar er det å gjere ting riktig ofte meir viktig enn å eksperimentere. Det gjeld også for språk. Om dei lærer at ein skal bruke et-endingar i staden for a-endingar, vil majoriteten av elevane ikkje stille spørsmål ved det, men godta det som ei sanning. Det er også sannsynleg at dei vil overføre det dei har lært skriftleg, til sitt munnlege talemål. Dei som tidlegare har sagt «jobba», «kasta», «rulla», vil kanskje begynne å seie «jobbet», «kastet» og «rullet».
Måten elevane bruker språket sitt på, blir meir
Gå til medietDrammensdialekten Dei siste åra har drammensdialekten, på same måte som andre dialektar på Austlandet, blitt prega av regionalisering. Regionalisering inneber at dialektane blir meir like det urbane talemålet i regionen. For drammensarar er det oslomålet, eller standard austlandsk. Men også i Oslo snakkar dei ulikt. Ofte blir oslomålet delt inn i vestkantog austkantmål. Dette skiljet er like mykje knytta til geolekt (geografisk høyre til), som sosiolekt (sosial tilhøyrsel). Desse forskjellane er ofte knytte til endingar i substantiv, som for eksempel «guttene» - «gutta», «jenten» - «jenta» og «hytten» - «hytta». Det kan også vere knytt til endingar i verb, som for eksempel «kastet» - «kasta», «jobbet» - «jobba».