- Det var eigentleg ganske tilfeldig. Eg er psykolog og har jobba lenge med rus, og det er mange ting eg er interessert i. Så vart det utlyst ei stilling knytt til seine tilbakefall, og det er eit tema eg ikkje visste så mykje om. Det syntest eg var spanande, og i tillegg hadde eg høyrt positive ting om han som vart rettleiaren min. Stillinga var knytt til KORFOR, Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest.
- Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?
- Eg har forska på det ein kallar recovery - på norsk betringsprosessar. Eg ser på korleis både sosiale og psykologiske faktorar kan ha noko å seia. Eg har sett på pasientar som har vore innlagde eller fått behandling i Rogaland, og eg har


































































































