Khrono
17.06.2019
Dei som verkeleg jobbar for det fortener å få betalt for det i form av gode karakterar, meiner førsteamanuensis ved NTNU, Arve Hjelseth. Han er kritisk til å kutte ut karakterar til studentane slik fleire foreslår.
- Den viktigaste jobben for dei som underviser i dei klassiske fagdisiplinane er å formidle at studiesituasjonen er annleis enn skulesituasjonen. Å studere er ikkje det same som å gå på skule, seier Arve Hjelseth, sosiolog og førsteamanuensis ved NTNU.
Les merSom hovudregel er det stor forskjell på A og D, dei bør ikkje stille likt. Arve Hjelseth Førsteamanuensis, NTNU
Han er kritisk til stemmene som i Khrono og På Høyden har tatt til orde for å fjerne eller endre karaktersystemet ved universiteta. Dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Bergen (UiB), Helge K. Dahle, har tatt til orde for å sjå på andre vurderings- og evalueringsformer. Bakgrunnen er uro for at karakterar verkar hemmande snarare enn stimulerande for læring.
Dahle fekk støtte av den meritterte undervisaren og professo