AddToAny

- Å studera nynorsk gjorde det lettare å forstå norske dialektar

Den polske norsk-studenten Bartlomiej Kozowski har fått nye inntrykk av norsk språk etter å ha studert nynorsk og dialektar på UiO. - Eg meiner at alle utanlandske studentar som skal læra seg norsk bør læra bokmål og nynorsk samtidig,
Bartolemiej Kozowski er frå Poznan i Polen, og han begynte å studera norsk allereie medan han gjekk på den vidaregåande skulen i heimbyen.Uniforum møter han i Kafé Niels på Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.

- Eg kan ikkje tidfesta det heilt nøyaktig, men eg hadde veldig lyst til å studera framandspråk. Og så høyrte eg på norsk og eg tykte det var ganske eksotisk. Kanskje eg skal begynna å læra meg norsk, tenkte eg, og etter tre år på vidaregåande gjekk eg vidare til universitetet i Poznan.

- Ei god investering

Og der begynte han på norskstudiet.

- Der lærte eg berre bokmål, fortel han. Etter tre år fekk han eit Erasmus-stipend for å studera norsk på Universitetet i Oslo våren 2023.

- Då opplevde eg at eg forsto alt folk sa, så lenge dei snakka Oslo-mål. Men straks nokon begynte å snakka dialekt, fekk eg problem. Derfor begynte eg å studera nynorsk, noko som var ei god investering, for det gjorde det også langt lettare for meg å forstå norske dialektar, fortel han engasjert til Uniforum.

- Bør læra bokmål og nynorsk samtidig

Bartolemiej Kozowski skryter masse over kurset førstelektor Toril Kristin Sjo på Institutt for nordiske og lingvistiske studiar held om nynorsk og norske dialektar for utanlandske studentar.

- Eg blei tatt imot med opne armar både av lærarane og dei andre studentane. Dei merka at eg var litt spent i starten, vedgår han. Så kjem han med ei klar oppfordring.

- Eg meiner at alle utanlandske studentar som skal læra seg norsk bør læra bokmål og nynorsk samtidig. Så eg trur at dei fleste som studerer norsk fort kjem til eit punkt der dei innser at det ikkje er mogleg å unngå nynorsk, slår han fast. - Sjølv synest eg no at nynorsk er den mest interessante delen av det norske språket, legg han til.

- Noreg er mykje meir enn Oslo

Han har også lært seg

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt